thumb|Tigran Petrosjan (Oberhausen 1961) Tigran Vartanovitsj Petrosjan () var verdsmeister i sjakk frå 1963 til 1969.
Petrosjan var etnisk armenar, fødd i Tbilisi, hovudstaden i Georgia, Sovjetunionen. Han døydde i Moskva.
I 1963 slo han Mikhail Botvinnik 12,5–9,5 i kampen om VM-tittelen. Petrosjan forsvarte tittelen i 1966, då han slo Boris Spasskij 12,5–11,5. I 1969 tapte han tittelen til Spasskij (10,5–12,5).
Åtte gongar kvalifiserte han seg for kandidatturneringa til VM i sjakk, i 1953, 1956, 1959, 1962, 1971, 1974, 1977 og 1980. Han vann kandidatturneringa på Curaçao i 1962, og kvalifiserte seg med dette til VM-kamp mot Botvinnik i 1963. Han spelte VM-kampar i 1966 og 1969, og var dermed med i 10 VM på rad med på kandidatturnering-nivå eller over.
Tigran Petrosjan vann Sovjet-meisterskapen i sjakk fire gongar, i 1959, 1961, 1969 og 1975.
Berømte sjakkparti Tigran Petrosjan - Ludek Pachman, lukka siciliansk, Bled 1961 - På berre 21 trekk blir stormeister Pachman feia av brettet med eit dronningoffer, og så eit stille trekk - og matt er deretter uunngåeleg
Bakgrunnsstoff Tigran Petrosjan sine parti på Chessgames.com
Kjelder Sigurd Heiestad - Øystein Brekke: VM sjakk i 100 år, Aventura 1986, ISBN 82-588-0435-9 Mark Weeks si side på engelsk med oversikt over alle sjakk-VM Chessgames.com si side om VM 1963 Chessgames.com si side om VM 1966 Chessgames.com si side om VM 1969 Olimpbase, database over sjakk-olympiadar mv
Fotnotar
Kategori:Armenske sjakkspelarar Kategori:Sovjetiske sjakkspelarar Kategori:Stormeistrar i sjakk Kategori:Verdsmeistrar i sjakk Kategori:Sovjetmeistrar i sjakk