Exilles (latinsk Scingomagus)Richard Talbert, Barrington Atlas of the Greek and Roman World, (ISBN 0-691-03169-X), Kart 17. er ein kommune i provinsen Torino i regionen Piemonte i Italia, om lag 60 km vest for Torino på grensa til Frankrike.
Exilles består av frazionane (landsbyar og grender) Deveys, Cels, San Colombano og Champbons.
Exilles grensar til kommunane Bardonecchia, Bramans (Frankrike), Chiomonte, Giaglione, Oulx, Pragelato, Salbertrand og Usseaux.
I antikken vart Exilles rekna som den første staden i Italia når ein kom frå Gallia over fjellovergangane i Alpane. Exilles vart først nemnd av den greske historikaren Strabius, som døydde i det første hundreåret.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Exilles» frå , den 26. desember 2008.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Piemonte