mini|Namnetrekket til Natalie Wood. Natalie og Nathalie kjem frå det latinske kvinnenamnet Natalia, som er avleidd frå (dies) natalis, 'fødselsdag'. Namnet er gjerne sett i samband med jul, som heiter natale domini på latin og er kjend under liknande namn på fleire romanske språk.

mini|Polske Natalia Sanguszkowa (1807–1830) måla av Johann Ender i 1829. Bruk Nathalie er eit svært vanleg kvinnenamn i i Belgia og Frankrike. Namnet er nokså sjeldan i Noreg, men har hatt ein aukande bruk sidan 1980-talet.

Det var 1330 kvinner som heitte Natalie og 1225 som heitte Nathalie i Noreg i 2008.

Kjende namneberarar Nathalie Sarraute (1900–1999), fransk forfattar Natalie Wood (1938–1981), amerikansk skodespelar Natalie Cole (f. 1950), amerikansk jazzsongar og skodespelar Nathalie Holland (f. 1962), russisk-norsk kunstmålar Natalie Imbruglia (f. 1975), australsk songar og skodespelar Natalie Portman (f. 1981), israelsk-amerikansk skodespelar Nathalie Nordnes (f. 1984), norsk musikar og songar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Natalie» frå , den 26. desember 2008.

Kategori:Kvinnenamn Kategori:Førenamn av latinsk opphav