Stranda er ein kommune i Møre og Romsdal. Han ligg ved Storfjorden på Indre Sunnmøre. Kommunesenteret er Stranda. I kommunesenteret og bygdene rundt bur det knapt 3 400 innbyggjarar, men bygdene Geiranger (250 innbyggjarar), Hellesylt (680 innbyggjarar), Liabygda (260 innbyggjarar) ligg òg i kommunen. Sentrum med kyrkja er oppført på garden Sløgstad (òg kalla Slyngstad). Den første postadressa (namnet på postopneriet) var «Slyngstad» eller «Slyngstad i Stranden», frå 1876 berre kalla «Stranden», endra til «Stranda» i 1921.Torvik, Arne Inge (2000): Om samferdsel i Møre og Romsdal. Del II: Samfunn og ferdsel. Utgitt av MRF, Molde.
Geografi
Fjellområdet Åkerneset i Sunnylvsfjorden er rekna som ustabilt, og eit ras der kan skapa ei flodbølgje som vil ramma fleire av tettstadene. Fjellet er derfor nøye overvaka.
Næringsliv og utdanning Stranda har to vidaregåande skular: Den private kristne internatskulen Vestborg vidaregåande skule og den fylkeskommunale Stranda vidaregåande skule.
Industriverksemd er hovudnæringa i kommunen, og i tillegg til kjøt- og møbelindustri ligg mellom anna den største fabrikken for frosen pizza i Noreg her. Der lagar dei den kjende Grandiosa-pizzaen.
Reiselivsnæringa har lange og sterke tradisjonar i kommunen. Geiranger vart tidleg eit reisemål, og alt i 1869 kom det første skipet med utanlandske turistar til Geiranger. I dag er Geiranger nest største cruisehamna i Noreg med om lag 200 cruiseskip-anløp kvart år. I tillegg kjem dagleg anløp av hurtigruta. I alt gjestar om lag 700 000 turistar kvar sommar Geiranger.
Fossar, fjord, fjell og fråflytte fjellgardar som klorer seg fast i bratthenga, har gitt Geirangerfjorden oppnamnet «Verdens vakraste fjord». Han står på UNESCO si verdsarvliste og mesteparten av Geirangerfjorden delområde av Vestnorsk fjordlandskap ligg innanfor Stranda kommune.
Den ideelle organisasjonen Storfjordens Venner har i ei årrekkje restaurert fleire av dei fråflytte fjellgardane, mellom anna ved hjelp av midlar frå Riksantikvaren og friviljugt arbeide.
Folketalsutvikling Folketalsutvikling for noverande Stranda kommune frå 1900: 1900"Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data 1.12.1920Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921) 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Stranda 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyråFolkemengd i Sunnylven 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1971 1.1.1981 1.1.1991 1.1.2001 1.1.2010 3261 3101 3216 3911 4002 4474 4831 4825 4595 4656 4531
Kjende folk frå Stranda kommune Nils E. Ringset (1886–1976), bonde, venstrepolitikar og organisasjonsmann Olav Oksvik (1888–1958), første Ap-parlamentarikar frå landdistrikta i Møre og Romsdal (Bolsøy) P.I. Langlo (1892–1940), føregangsmann og grunnleggjar av norsk møbelindustri Kristian Langlo (1894–1976), venstrepolitikar, rektor og ordførar Inge Hermann Langlo (f. 1933), tidleaare møbelprodusent Oddbjørn Sverre Langlo (1935–2004), høgrepolitikar Asbjørn Gjærde (f. 1939), journalist og forfattar Peter Opsvik (f.1939), møbeldesignar Per Vassbotn, (f. 1941), journalist, forfattar og kommunikasjonsdirektør Are Kalvø (f. 1969), komikar og forfattar Margreth Olin (f. 1970), filmregissør Petra Hellesylt Sæther (f. 1907), jordmor Bjarne Solbakken, idrettsutøvar Pål Øie, filmregisssør
Kjelder
Bakgrunnsstoff Stranda kommune Sunnmøringen, lokalavis for bygdelaga i Stranda kommune. Stranda Sogelag - lokalsoge for bygdene: Stranda, Sunnylven, Geiranger og Liabygda. Historiske arkiv etter Stranda kommune og Sunnylven kommune på Arkivportalen
Kategori:Sunnmøre
Kategori:Kommunar i Møre og Romsdal