Noginsk (russisk Ногинск) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 100 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 30 km aust for Moskva.

Byen vart første gong nemnt i 1389 som Rogozji. Han vart seinare nemnt med namnet Bogorodsk i eit dekret frå Katarina den store frå rundt 1781. Han fekk namnet Noginsk i 1930, kalla opp etter den kommunistiske tekstilmannen Viktor Nogin. Enkelte selskap i byen, som til dømes Bogorodsk BryggeriBogorodskaja Pivovarnja (på russisk) og Bogorodskavtotrans (lokalt transportselskap), nyttar framleis namnet Bogorodsk.

Gjennom hele 1800-talet og ein stor del av 1900-talet var byen eit stort tekstilsenter, som handsama bomull, silke og ull. Industriproduksjon i byen i dag er konsentrert om keramiske material (to større selskap), matvarer (ein fiskefabrikk), drikkevarer (ein av dei største største produsent av leskedrikkar i Russland ligg nær Noginsk) og byggematerial.

Noginsk er eit transportknutepunkt og ligg ved knutepunktet mellom motorvegen til Nizjnij Novgorod (M7/E22) og ein av ringvegane til Moskva. Bygginga av ein ny bompengefinansiert motorveg inn mot Moskva er no i gang. Den nye vegen vil gå sør for den noverande, mellom Nizjnij Novgorod-vegen og Nosovikhinskoje-vegen og vil gje ei estimert reisetid til Moskva på 20 minutt.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Noginsk» frå , den 7. januar 2009.

Bakgrunnsstoff