Gunnhild (Gunhild, Gunnild) er eit kvinnenamn, frå norrønt Gunnhildr, samansett av 'strid' og 'strid '(sic!)
Gunnhild har i Noreg namnedag den 30. januar.
Bruken av namnet i Noreg Namnet har vore bruka som førenamn sidan 1400-talet, men bruken av namnet har gått attende inntil det dei aller siste åra har stige kraftig i popularitet Ved folketeljinga i 1801 var det 9298 som hadde namnet i ulike skrivemåtar Ved folketeljinga i 1900 var det 9308 som hadde dette namnet i formene Gunddild, Gundhil, Gundhild, Gundil, Gunhil, Gunhild, Gunhill, Gunil, Gunild I 2008 er det 4214 som har Gunhild til første fornamn, 1197 skriv seg for Gunnhild
Kjende namneberarar Gunnhild kongsmor, kona til Eirik Blodøks Gunhild av Polen, kona til Svein Tjugeskjegg Gunhild Ziener (1868-1937), norsk politikar (Ap) Gunhild Støver (f. 1925), tidlegare ordførar i Bodø Gunhild Øyangen (f. 1947), norsk politikar (Ap) Gunhild Halle Haugen (f. 1972), norsk friidrettsutøvar Gunnhild Øyehaug (f. 1975), norsk forfattar Gunhild Følstad (f. 1981), norsk fotballspelar Gunhild Sundli (f. 1985), norsk artist, kjend frå musikkgruppa Gåte Gunhild Herregården (f. 1989), norsk fotballspelar
Kjelder Folketeljingar i Digitalarkivet Olav Veka 1991: Namneboka, Det Norske Samlaget ISBN 82-521-3604-4
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kvinnenamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav