Mirnyj (russisk Ми́рный) er ein by i Republikken Sakha i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Ireljakh i nedslagsfeltet til Viljuj, rundt 820 km vest for Jakutsk.

Busetnaden vart grunnlagd i 1955 etter oppdaginga av et kimberlittrøyr i nærleiken. Mirnyj fekk bystatus i 1959.

Mirnyj lufthamn ligg 4 km aust for byen.

Det er eit gigantisk gruvedagbrot i byen. Det er 525 meter djupt med ein diameter på 1,25 km.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Mirnyj i Sakha» frå , den 23. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1955