Bajkalsk (russisk Байка́льск) er ein by i Irkutsk oblast i Russland med om lag 13 000 innbyggjarar. Han ligg på sørsida av Bajkalsjøen, rundt 80 km sør for Irkutsk.
Han vart grunnlagd i 1961 ved opninga av ein cellulosefabrikk ved Bajkalsjøen. Han fekk bystatus i 1966.
Rundt 3500 personar er direkte tilsett ved fabrikken. I sovjettida var fabrikkleiinga òg direkte ansvarleg for drifta av byen. Drifta av byen og fabrikken er nå sjølvstendige frå kvarandre, men 95% av inntektene til byen kjem framleis i form av skatt frå fabrikken og dei tilsette her.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1961