Harstad Tidende er den tredje største avisa i Nord-Noreg og kjem ut i Harstad i Troms. Dekningsområdet er kommunane Harstad, Kvæfjord, Lødingen, Tjeldsund, Evenes, Skånland, Gratangen, Lavangen og Ibestad. Ho er ei dagsavis i tabloidformat. Avisa har eit opplag på 13 646 i 2006.
Avisa blir eigd av Harstad Tidende-gruppen, som igjen er heileigd av Polaris Media ASA.
Historie Avisa vart skipa av Peter Oluf Klinge (mest kjend som P.O. Klinge) i 1887, då under namnet Senjens Tidende med undertittelen Liberalt nyheds-, avertissements- og afholdsblad. Klinge var første redaktør av avisa. Året etter vart namnet endra til Frisindet, uafhængigt bondeblad. Sumaren 1888 skifta avisa namn til Tromsø Amtstidende og undertittel vart Uafhængigt rent Venstreblad frå 1890. Avisa fekk sitt noverande namn i 1900.
Opplag Basert på opplysningar frå Mediebedriftenes Landsforening. 2013: 10 627 2010: 12 072 2007: 13 503 «Avisenes leser- og opplagstall for 2007» fra Mediebedriftenes Landsforening, publisert 14. februar 2008 2006: 13 646 2005: 14 201 2004: 14 199 Avisenes leser- og opplagstall for 2004 2003: 14 749 Avisenes leser- og opplagstall for 2003 2002: 14 818 2001: 15 031 Avisenes leser- og opplagstall for 2001 2000: 15 068 1999: 15 308 Avisenes leser- og opplagstall for 1999 1998: 15 335 Avisenes leser- og opplagstall for 1998
Redaktørar År Namn Merknadar 1887 Peter Oluf Klinge Til 1. august 1896 1896 Jac. A. Kind Døydde april 1897 1897 Peter Oluf Klinge Vikarierte «anonymt» til 1. august 1897 1897 Bjarne Hansen Òg forretningsførar 1899 Albert Martin Espejord Ingen namngjeven redaktør frå 23. mars 1899 til 4. juli 1901.Espejord var forretningsførar, men fungerte som redaktør. 1901 Olaf Paulsen Frå nr. 52 1901 til nr. 30 1902 1902 Peter Oluf Klinge 1902 Ole R. W. Klem Frå nr. 39 1902 til nr. 91 1902 1902 Peter Oluf Klinge Frå nr. 92 1902 til nr. 97 1903 1903 G. Amundsen Mellombels 1904 Lars Mjelde 1904 Martin Moe Frå nr. 24 1904 1912 Nicolai Bardal Frå nr. 99 1912 1919 Edv. Gagsaas Mellombels frå nr. 70 til nr. 110 1919 1919 S. Engesgaard Christie Frå nr. 111 1919 1920 Birger Jensen Frå nr. 169 1920 1922 Nicolai Bardal og Edv. Gangsaas I fellesskap frå nr. 101 1922 1923 Ola Berg Frå 22. juli 1923 1945 Johan A. Iversen Fungerande, frå 11. mai til 25. september 1945 1945 Haakon Storøy Frå nr. 50 1945 til nr. 48 1946 1946 Leif B. Lillegaard 1947 Sigurd Woll Frå nr. 69 1947 til 1. april 1951 1951 Johan A. Iversen Frå april 1951 til 31. desember 1990 1991 Odd R. Olsen Frå 1. januar 1991 til 23. juni 2004 2004 Bård Michalsen til 2. april 2012 2012 Kjell Rune Henriksen noverande
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Aviser i Troms Kategori:Kultur i Harstad Kategori:Aviser skipa i 1880-åra Kategori:1887 i Noreg