Ostrov (russisk Остров) er ein by i Pskov oblast i Russland med om lag 20 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Velikaja, 55 km sør for Pskov.

Ostrov vart grunnlagd som ei festning i 1342. Han var ein viktig militær utpost gjennom 1400- og 1500-talet. Han fekk bystatus av Katarina den store i 1777.

Byen har ein nyklassisistisk katedral frå 1790 og ei typisk pskovisk kyrkje frå 1543. Like ved er ei historisk hengebru som opna i 1853.

Byen var òg heimstad for Ostrov flybase, ein større base for mellomdistanse-bombefly under den kalde krigen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1340-åra