Sebezj (russisk Се́беж) er ein by i Pskov oblast i Russland med om lag 6 000 innbyggjarar. Han ligg vakkert til mellom to innsjøar, rundt 189 km sør for Pskov.

mini|venstre|Treeiningkyrkja (1648) er truleg den eldste barokkbygningen i Russland.

Sebezj vart først nemnd i 1414, då Vytautas av Litauen plyndra han. Fyrst Ivan Sjujskije bygde ei trefestning på staden i 1535. På 1700-talet forsvarte festninga dei vestlege vegane mot storfyrstedømet Moskva. Polakkane erobra byen under livlandskrigen og heldt han til den første delinga av Polen. Festninga i Sebezj, som no er demontert, vart forsterka etter ordre frå Peter den store under den store nordiske krigen. Åsen der borga stod er framleis dominert av ei romersk-katolsk kyrkje, bygd 1625–1648 og invigd på ny som ei russisk ortodoks kyrkje i 1989.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1410-åra