23. november er den 327. dagen i den gregorianske kalenderen (328. under skotår). Det er 38 dagar att av året.

Merkedag

Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar

Religiøs helgedag

Primstaven Klemetsmesse eller båtsok til minne om den heilage Clemens, ein tidleg biskop av Roma og martyr. Merkt med anker eller kyrkje. Denne dagen skulle alle båtar ligga ved land.

Namnedag

Hendingar

Utlandet 1700: Giovanni Francesco Albani blei pave Klemens XI. 1890: Storhertugdømet Luxembourg blei skilt ut frå Nederlanda.

Noreg 1648: Fredrik III blei krona til konge av Danmark-Noreg. 1944: Pelle-gruppa gjennomførte sabotasjeaksjonar mot mellom andre Akers mekaniske verkstad og Nylands mekaniske verkstad i Oslo. 1977: Alle tolv ombord omkom då eit helikopter på veg frå Stavanger til Ekofisk styrtar i Nordsjøen. 1978: Stortinget vedtok at røysterettsalderen skal 18 år, mot tidlegare 20 år.

Fødde mini|Knut Arild Hareide er fødd i 1972

1859: Billy the Kid, amerikansk banditt 1865: Marie Spångberg, den første norske kvinna som fekk utdanna seg til lege 1869: Johan Scharffenberg, norsk psykiatar og sosialpolitikar 1875: Anatolij Lunatsjarskij, sovjetisk politikar og forfattar 1890: El Lisitskij, russisk målar 1972: Knut Arild Hareide, politikar 1992: Miley Cyrus, USA-amerikansk skodespelar

Døde mini|Roald Dahl døydde i 1990

1763: Friedrich Heinrich von Seckendorff, austerriksk feltmarskalk og diplomat 1890: Kong Vilhelm III av Nederland 1938: Erik Werenskiold, norsk målar og teiknar 1970: Alf Prøysen, norsk visesongar og forfattar 1976: André Malraux, fransk forfattar 1998: Roald Dahl, britisk forfattar

Bakgrunnsstoff