22. november er den 326. dagen i den gregorianske kalenderen (327. under skotår). Det er 39 dagar att av året.

Merkedag

Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar

Religiøs helgedag

Namnedag

Hendingar

Utlandet mini|John F. Kennedy og kona i Dallas same dagen som han blei skoten. 1277: Giovanni Gaetano Orsini blei pave Nicolas III. 1830: Charles Grey blei statsminister i Storbritannia. 1943: Kairo-konferansen under andre verdskrigen: Dei allierte stormaktsleiarane Franklin D. Roosevelt, Winston Churchill og Chiang Kai-shek møttest for å diskutera korleis dei skulle vinna over Japan. Libanon fekk sjølvstende frå Frankrike. 1956: Imre Nagy blei arrestert og bortført av sovjetiske styrkar. Sommar-OL 1956 opna i Melbourne i Australia. 1963: Den amerikanske presidenten John F. Kennedy blei drepen ved eit attentat i Dallas i Texas. Visepresidenten Lyndon B. Johnson blei ny president. 1975: Juan Carlos I blei konge av Spania. 1976: Israelske styrkar tok oppstilling ved grensa til Libanon. 1989: Den libanesiske presidenten Rene Moawad blei drepen av ei bombe i Beirut. 1990: Margaret Thatcher gjekk av som statsminister i Storbritannia. 2005: Angela Merkel blei den første kvinnelege tyske forbunskanslaren.

Noreg 1911: Spitsbergen radio/LFG tok til å senda frå Svalbard. 1943: Andre verdskrigen: Den norske ubåten KNM Ula (P-66) senka det norske handelsskipet Arcturus, som gjekk i lastefart for tyskerne. Fem menneske døydde. 1973: Oljekrisa: Regjeringa vedtok kvelds- og helgestenging av alle bensinstasjonar. Leveransar av parafin og fyringsolje skulle senkast med 25 % i fyringssesongen 1973–74. 1987: Mongstad-skandalen: Statoils administrerande direktør Arve Johnsen gjekk av etter overskridingar ved utbygginga av oljeraffineriet på Mongstad.

Fødde

1746: Bernt Anker, norsk forretningsmann 1817: Ole Thomesen, norsk sakførar og politikar 1869: André Gide, fransk forfattar og nobelprisvinnar 1877: Cecilio Apostol, filippinsk dikter og forfattar 1890: Charles de Gaulle, fransk president 1947: Terje Rød-Larsen, norsk politikar og visegeneralsekretær i FN 1948: Trond Bakkevig, norsk prest 1955: Sverre Knudsen, norsk forfattar og musikar 1969: Åge Sten Nilsen, norsk musikar (Wig Wam)

Døde

1774: Robert Clive, britisk generalguvernør 1856: Peder Fauchald, norsk politikar 1888: Johan Augustinussen, norsk politikar 1889: Georg Harbitz, norsk politikar 1890: Frank Buchser, sveitsisk målar 1906: Ernst Josephson, svensk målar 1961: Ole Hallesby, norsk teolog 1963: John F. Kennedy, president i USA (skoten) Aldous Huxley, britisk forfattar C.S. Lewis, britisk forfattar og filolog 2000: Emil Zátopek, tsjekkisk friidrettsutøvar