Dalnegorsk (russisk Дальнего́рск, tyder langt oppe i fjella) er ein by i Primorskij kraj i Russland med om lag 30 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Rudnaja, rundt 350 km nordaust for Vladivostok (vegavstand: 517 km).

Historie Byen vart grunnlagd i 1896 som Tetjukhe (russisk: Те́тюхе) (kinesisk 野猪河, yĕzhūhé, som tyder «villsvinelva»). Namnet på byen vart endra til Dalnegorsk i 1973 under utreinskinga av kinesiske stadnamn i Primorskij kraj. Han fekk bystatus i 1989.

Økonomi og næringsliv Dei fleste innbyggjarane i byen arbeider i to industriselskap: Kjemiselskapet Bor og blyprodusenten Dalpolimetal.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1896