Tresfjord kyrkje er ei åttekantkyrkje på Sylte inst i Tresfjorden i Vestnes kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1828 og er bygd i lafteverk og kledd med bordkledning. Arkitekt var Erik Kroken. Ho er den eldste kyrkja i Vestnes kommune. Kyrkja har 270 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja.

Tresfjord kyrkje blei restaurert til 100-årsminne i 1927–1929. Ho blei grundig reparert og restaurert igjen i 2006–2007, etter at ho ein periode måtte støttast opp med wire. Kyrkja er rikt dekorert, og noko av interiøret er frå ei tidlegare kyrkje.

Historie «Sulta kirkja» er nemnt i Trondhjems reformats 1589. Kjeldene tyder på at det rundt 1600 sto to kyrkjer på Sylte (eller Kyrkjesylte) i Tresfjord, ei gammal forfallen og ei nyare. I 1690 vart det oppført ei korskyrkje av treverk litt lenger vest for noverande bygg. Tårnet var relativt høgt og plassert midt på, veggane var kledd med bord. Material fra 1690-bygget vart gjenbrukt og er framleis å finne i gardsbygg i området. Eit sakristiglas frå 1634 vart brukt i kyrkja frå 1690, gjenbrukt i eit våningshus og er no på museum i Trondheim. Sakristiglaset er blyinnfatta og har tekst og bilete i fleire fargar. Preikestolen og ein del anna inventar brukt opp att i noverande bygg. Kyrkja med tilhøyrande eigedom vart i 1721 selgd og kjøpt tilbake av 84 bønder i 1782 (Tresfjord kommune innløyste desse kyrkjelutane i 1902).Eidhamar, K. og T. Skeidsvoll (1978): Tresfjord kyrkje 1828-1978. Utgjeve av soknerådet.

Bilete

Kjelder

Bakgrunnsstoff Om Tresfjord kyrkje i Kyrkjebyggdatabasen

Kategori:Kyrkjer i Indre Romsdal prosti Kategori:Kyrkjer i Vestnes Kategori:Norske kyrkjer frå 1828 Kategori:Kulturminne i Vestnes Kategori:Åttekanta kyrkjer i Noreg Kategori:Rosemåla kyrkjer