«Flying» er ein instrumentalsong av The Beatles som først vart gjeve ut i 1967 på albumet Magical Mystery Tour. I Europa kom albumet som ein dobbel EP og i USA som ein LP.

Dette er ein sjeldan instrumental til å vere The Beatles, den første sidan «Cry for a Shadow» i 1961. Dette var den første songen som er tilskriven til alle fire medlemmane av bandet; Lennon/McCartney/Harrison/Starkey. Den andre songen som vart tilskriven alle fire var «Dig It» frå albumet Let It Be.

Flying vart spelt inn 8. september 1967 med mellotron, gitar, bass, maracas, trommer. 28. september vart det lagt opp fleire lag med bandsløyfer.

Medverkande John Lennon – ordlaus vokal]], mellotron, Hammondorgel, lydeffektar Paul McCartney – ordlaus vokal, bass, gitar George Harrison – ordlaus vokal, guitar Ringo Starr – ordlaus vokal, trommer, maracas, lydeffektar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Flying» frå , den 8. februar 2009.

Kategori:Songar frå 1967 Kategori:The Beatles-songar Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Songar skrivne av George Harrison Kategori:Songar skrivne av Ringo Starr Kategori:Songar skrivne av Paul McCartney Kategori:Songar skrivne av John Lennon Kategori:Herbie Mann-songar