Motors TV var ein fransk sportskanal som sende dokumentarar og nyhende om motorsport og bilar og dekkjer ei rekkje billøp. Kanalen sender 24 timar i døgnet med kommentering på engelsk. Kanalen starta med sendingar 1. september 2000. I Noreg er Motors TV tilgjengeleg hjå digitaltv-leverandøren Canal Digital. Opphavleg var kanalen ein del av programpakka Sport Select, men vart i september 2009 inkludert i både Family og Entertain. 30. september 2018 blei kanalen avikla, då selskapet bak kanalen gjekk konkurs.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Franske fjernsynskanalar Kategori:Sportskanalar Kategori:Motorsport Kategori:Skipingar i 2000