Fredrik Thorbjørn Kayser () var ein norsk offiser i Kompani Linge under andre verdskrigen.

Kayser tenestegjorde som friviljug på finsk side i Vinterkrigen 1939-1940. Seinare var han sentral i kampane i Noreg, og reiste til Storbritannia etter Tysklands okkupasjon av Noreg. Der gjekk han inn i Kompani Linge og deltok i Måløy-raidet.

Kayser var ein av seks personar frå Kompani Linge som sprengte tungtvatnsfabrikken på Rjukan i 1943. Mot slutten av krigen var han nestkommanderande i motstandsgruppa Bjørn West, som var involvert i kampar mot tyskarane i Matre-fjella i Hordaland.

Etter krigen vart Kayser dekorert med St. Olavsmedaljen med eikegrein to gongar og Æreslegionen.

I 1948 spelte han seg sjølv i filmen «Kampen om tungtvannet».

Kjelder Fredrik Kayser er død. Bergensavisen 3. februar 2009. Fredrik Kayser er død. NRK Hordaland 2. februar 2009.

Kategori:Norske offiserar Kategori:Medlemmar av Kompani Linge Kategori:Æreslegionen Kategori:Folk frå Bergen