«Not Fade Away» er ein song av Buddy Holly og Norman Petty som først vart spelt inn av The Crickets, bandet til Holly, i Clovis i New Mexico i mai 1957. Rytmen til songen er eit klassisk døme på Bo Diddley-rytmen. Songen vart opphavleg gjeve ut som B-sida til «Oh, Boy!» og seinare på albumet The «Chirping» Crickets.

Musikkmagasinet Rolling Stone hadde versjonen til Holly på 108. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.

Originalsongen Holly and The Crickets spelte inn songen i Clovis i New Mexico den 27. mai 1957, same dagen som songen «Everyday» vart spelt inn. Rytmemønsteret til «Not Fade Away» er ein variant av den legendariske Bo Diddley-rytmen, der trykket kjem på den andre, og ikkje det tredje slaget i den første takten. Jerry Allison, trommeslagaren i The Crickets, slo rytmen på ei pappøskje. Allison, bestevenen til Holly, skreiv om noko av teksten, men namnet hans kom aldri med som låtskrivar på songen. Joe Mauldin spelte kontrabass på denne inspelinga. Truleg var korvokalistane Holly, Allison og Niki Sullivan, men dette er ikkje heilt sikkert.Buddy Holly: Greatest Hits. Liner notes. 1995. MCA Records.

«Not Fade Away» vart opphavleg gjeven ut som B-sida til hitsingelen «Oh, Boy!» og kom så ut på albumet The "Chirping" Crickets (1958).

I motsetnad til det som vert vist i filmen The Buddy Holly Story (1978), var ikkje «Not Fade Away» den siste songen Holly spelte på den siste konserten sin i Clear Lake i Iowa, den 2. februar 1959, like før han omkom i ein flystyrt. Den siste songen var «Brown Eyed Handsome Man», som vart framført av alle artistane som hadde spelt den kvelden.

The Rolling Stones

I 1964 spelte The Rolling Stones inn ei utgåve av «Not Fade Away», som la stor vekt på Bo Diddley-rytmen, og han vart ein stor hit i heimlandet. Songen var og den første av bandet som vart gjeven ut i USA.

Han vart spelt inn seint i januar 1964 og kom ut 21. februar 1964 med «Little by Little» som B-side. Songen klarte å nå tredjeplass på den britiske singellista, som den første songen deira på Topp 5.Rolling Stones "Not Fade Away" reaches no.3 in UK singles chart. I USA nådde singelen 48. plass, her med songen «Stoned» som B-side.Carr, Roy, The Rolling Stones, an Illustrated Record New English Library, London 1976 Songen var ikkje med på den britiske utgåva av debutalbumet deira, The Rolling Stones, men var opningsspor på den amerikanske utgåva, som hadde tittelen England’s Newest Hitmakers. Songen vart mykje spelt på konsertar dei første åra til the Stones, vanlegvis som opningssong.

Medverkande Mick Jagger – vokal og perkusjon Keith Richards – gitar Brian Jones – munnspel og perkusjon Bill Wyman – bassgitar Charlie Watts – trommer Phil Spector – maracas

Rush

Rush-versjonen av «Not Fade Away» var debutsingelen deira, gjeven ut i 1973. B-sida til singelen var «You Can't Fight It», og var den første originale songen Rush gav ut. Singelen er sjeldan og eit samlarobjekt i dag. Ingen av desse songane er nokon gong gjevne ut på CD offisielt.

Andre utgåver Fleire artistar har gjort sine utgåver av songen, mellom andre Grateful Dead, Bobby Fuller Four, Bruce Springsteen, Bob Dylan, Tom Petty, Patti Smith, Freddie Mercury, Tanya Tucker, Eric Hine, The Supremes, The Everly Brothers, Hank Marvin, Noel Redding, Sheryl Crow, The Beatles, Quicksilver Messenger Service, Stephen Stills og James Taylor.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Not Fade Away (song)» frå , den 19. februar 2009. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1957 Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:Songar skrivne av Buddy Holly Kategori:Songar skrivne av Norman Petty Kategori:Buddy Holly-songar Kategori:Rolling Stones-songar Kategori:Songar produserte av Andrew Loog Oldham Kategori:Dick and Dee Dee-songar Kategori:Grateful Dead-songar Kategori:Sheryl Crow-songar Kategori:Rush-songar Kategori:Decca Records-singlar Kategori:London Records-singlar Kategori:Brunswick Records-singlar Kategori:Bobby Fuller-songar Kategori:The Everly Brothers-songar Kategori:Phil Ochs-songar Kategori:Stephen Stills-songar Kategori:Tanya Tucker-songar Kategori:New Jordal Swingers-songar Kategori:The Knack-songar Kategori:The Flying Pickets-songar Kategori:Nitty Gritty Dirt Band-songar Kategori:Foreigner-songar Kategori:Deep Purple-songar Kategori:The Band-songar Kategori:Hank Marvin-songar Kategori:John Entwistle-songar Kategori:James Taylor-songar Kategori:Status Quo-songar Kategori:Lemmy-songar Kategori:Richard Thompson-songar Kategori:Def Leppard-songar Kategori:Diana Ross-songar Kategori:Stevie Nicks-songar Kategori:Florence + The Machine-songar 108