Odd Martinsen () var ein norsk langrennar og idrettsleiar frå Nittedal. Han var medlem av IL i Bondeungdomslaget i Oslo, og har fire individuelle NM-gull (15 km i 1966 og 1970 og 30 km i 1969 og 1971) og sju stafettgull. Det vart VM-gull i 1966 og OL-gull i 1968, begge i stafett. Individuelt vann han fire medaljar i dei internasjonale meisterskapa frå 1966 til 1970 (to sølv og to bronse). Han er far til langrennaren Bente Skari.
Karriere Langrennaren Martinsen slo gjennom i 1966, då han vart norgesmeister på 15 km og vann først bronse og deretter var med på laget som vann stafetten (4×10 km) under VM i Oslo. Under OL 1968 i Grenoble vann han sølvmedaljen på 30 km, og var med på laget som tok gull på 4×10 km stafett. Under VM i 1970 vart det to medaljar, sølv og bronse på høvesvis 15 km og 30 km. Martinsen la opp i 1978, etter femten sesongar på toppnivå.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1966: Bronsemedalje på 15 km og gull på 4×10 km stafett under VM i Oslo. 1967: Nr 3 på femmila i Holmenkollen. 1968: Sølvmedalje på 30 km, nr 8 på 15 km og gull på 4×10 km stafett under OL i Grenoble. Nr 3 på 15 km i Holmenkollen. 1969: Vinnar av 15 km i Holmenkollen. 1970: Sølvmedalje på 15 km og bronsemedalje på 30 km under VM i Štrbské pleso. 1971: Nr 2 på 15 km i Holmenkollen. 1972: Nr 9 på 15 km i Holmenkollen. 1973: Nr 6 på 15 km i Holmenkollen. 1974: Bronse på 4×10 km stafett VM Falun. Nr 3 på 15 km i Holmenkollen. 1975: Nr 5 på 15 km i Falun. 1976: Nr 8 på 15 km og sølv på 4×10 km stafett under OL i Innsbruck. Nr 5 på 30 km, Falun. 1977: Nr 5 på 30 km Falun og same plassering på 50 km i Holmenkollen. 1978: Nr 8 på 50 km i Holmenkollen.
Medaljar og besteplasseringar i norgesmeisterskap Ski-NM 1964: Nr 5 på tremila på Voss Ski-NM 1965: Nr 8 på 15 km, Fåberg. Ski-NM 1966: Gullmedalje på 15 km, Hernes Ski-NM 1967: Nr 9 på tremila, Skorovatn. Ski-NM 1968: Bronsemedalje både på 30 km, Bærum og 50 km Hønefoss. Ski-NM 1969: Gullmedalje på 30 km, Gjøvik. Ski-NM 1970: Gullmedalje på 15 km og bronse på 30 km, Trondheim. Ski-NM 1971: Gullmedalje på tremila, Fåberg. Ski-NM 1972: Bronsemedalje på 15 km, Tydal. Ski-NM 1973: Nr 11 på tremila, Fåberg. Ski-NM 1974: Sølvmedalje på 50 km, Sørreisa. Ski-NM 1975: Bronsemedalje på 15 km, Heddal. Ski-NM 1976: Bronsemedalje på 30 km, Surnadal. Ski-NM 1977: Bronsemedalje på 50 km, Vang. Ski-NM 1978: Sølvmedalje på 15 km, Konnerud.
Han vart noregsmeister i stafett sju gonger, i 1970, 1972, 1973, 1974, 1975, 1976 og 1978.
Ymse Martinsen var ein langrennar med høg toppfart. Både i 1966 og i 1968 sprengde han feltet på startetappen i VM og OL-stafettane, og fekk klengenamnet «Stafett-Martin». Han var klart best på 15 km og 30 km, på 50 km hamna han oftast eit stykke bak dei typiske milslukarane.
Han vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1969. I 2014 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen.
Martinsen var formann i langrennskomiteen i FIS i perioden 1986-2002.
Kjelder
Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Norske idrettsleiarar Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Noregsmeistrar i langrenn Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Kongepokalvinnarar i skiidrett Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1968 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1968 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1976 Kategori:Folk frå Nittedal