Villanger, uttala viddlång, er ein gard på Radøy. Garden er kløyvd i to hovuddelar, Søre og Nordre Villanger, og delt i eit titals gardsbruk.

Namnet Villanger tyder 'fjorden der dei for vill', truleg fordi det var lett å segle feil og forville seg inn i Villangen når ein ville gjennom sundet mellom Radøy og fastlandet.

Garden vart rydda i den eldre jernalderen, truleg i folkevandringstida. På sekstenhundretalet låg garden under futeembetet, slik at landskylda var futen si inntekt.

Kjelder

Villanger i Oluf Rygh: Norske Gaardnavne

Kategori:Gardar i Alver