Orre kyrkje er ei langkyrkje frå 1950 som ligg på Pollestad i Klepp kommune i Rogaland fylke.
Byggverket er i hoggen granitt og har 350 plassar. Ein valde å hogge granitt til kyrkja fordi det var mangel på andre vyrke, men steinen vart likevel liggjande ferdig i fire år før ein fekk bygd fordi ein ikkje fekk tak i sement.
Kyrkja erstatta mellomalderkyrkja Orre gamle kyrkje som soknekyrkje for Orre sokn.
Kjelde Hein Steinskog: «Orre kirke 1950-2000», på nettstaden til Klepp kyrkjelege fellesråd
Bakgrunnsstoff Om Orre sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
Kategori:Kyrkjer i Klepp Kategori:Kyrkjer i Jæren prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1950 Kategori:Kulturminne i Klepp Kategori:Langkyrkjer i Stavanger bispedømme