Gry Larsen () er ein norsk politikar som representerer Arbeidarpartiet. Ho kjem opphavleg frå Jevnaker, men bur i Gamlebyen i Oslo. Ho er utdanna cand.mag. med faga statsvitskap, historie og Nord-Afrika- og Midtausten-kunnskapar. Tidlegare har ho vore leiar, nestleiar og sentralstyremedlem i AUF og har òg hatt verv i Oppland AUF og Jevnaker AUF.

Larsen vart utnemnd til politisk rådgivar for utanriksminister Jonas Gahr Støre då regjeringa Stoltenberg II overtok i 2005. 23. april 2009 vart ho utnemnd til statssekretær i same departement etter at Raymond Johansen vart vald til partisekretær i Arbeidarpartiet.

Bakgrunnsstoff Biografi hjå Utanriksdepartementet

Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Stoltenberg II Kategori:Statssekretærar frå Ap Kategori:Politiske rådgjevarar i Regjeringa Stoltenberg II Kategori:Politiske rådgjevarar frå Ap Kategori:Ap-politikarar i Oslo Kategori:Leiarar i AUF Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Folk frå Jevnaker