Sørvær kyrkje står i Sørvær på Sørøya i Hasvik kommune i Finnmark, og er ei langkyrkje frå 1968. Arkitekt for bygget var Sverre Flåto. Kyrkja har sitjeplassar til vel 100 personar.
Historie Det har vore kyrkje i Sørvær også lenger attende i tid. Fyrste gongen ein finn Sørvær-kyrkja nemnd i kjelder er i 1589. Denne kyrkja vart riven i 1697 etter at ho hadde forfalle over tid og vorte skada i uvêr.
Kjelder «Oversikt over nåværende kirker» på nettstaden kirkekonsulenten.no
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kyrkjer i Hasvik Kategori:Kyrkjer i Alta prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1968 Kategori:Kulturminne i Hasvik Kategori:Langkyrkjer i Nord-Hålogaland bispedømme