mini|360px|Utviklingstre for fuglar, som er delte inn i ordenar og familiar etter evolusjonært slektskap. Alle verdas nolevande fugleartar kan delast inn i hierarkiske grupper etter klassisk, evolusjonær systematikk. Oversynet i lista under viser alle biologiske ordenar og familiar. Kvar familie er igjen delt inn i slekter og artar, men dette er ikkje vist her.

Rekkefølgja av familiane og talet på artar er etter den sameinte verdslista AviList. Norske artsnamn er etter Norske navn på verdens fugler. 2025-revisjonen av AviList tar med 10 928 nolevande artar totalt, desse er plasserte inn i 46 ordenar, 244 familiar og 2376 slekter. Lista inneheld også 203 kjente artar som er utdøydde eller truleg utdøydde i naturen.

Paleognathae Paleognath kjem frå gammalgresk og tyder 'gammal kjeve' med referanse til skjelettanatomien av ganen, som er skildra som meir primitiv og krypdyrliknande enn hos andre fuglar. Her er til saman rundt 60 strutseliknande fuglar og tinamufuglar i denne gruppa: mini|Slettestruts (Struthio camelus) høyrer til strutsefamilien.

Strutsar - Struthioniformes Strutsefamilien, Struthionidae: to artar av store flygeudyktige fuglar som er heimehøyrande i austlege Afrika, tidlegare òg i Midtausten. Verdas største nolevande fuglar.

Kasuarfuglar - Casuariiformes Kasuarfamilien, Casuariidae: fire særs store nolevande strutsefuglar utan flygeevne. Utbreiinga av kasuarar er i hovudsak Ny-Guinea, men òg nærliggande øyar, dessutan finst ein art i nordaustlege Australia. Emu er den største fuglen på det australske kontinentet, og den nest største fuglen i verda rekna etter høgd.

Kiviar - Apterygiformes Kivifamilien, Apterygidae; fem fugleartar utan flygeevne, endemiske til New Zealand. Små strutsefuglar, varierer frå 25 cm til 45 cm i høgd.

Nanduar - Rheiformes Nandufamilien, Rheidae: to store artar utan flygeevne, begge lever i Sør-Amerika.

Tinamuar - Tinamiformes Tinamufamilien, Tinamidae: Rypeliknande gravande fuglar, 46 fugleartar i Sentral-Amerika og Sør-Amerika. Bakkelevande og svake flygarar. Minner om hønsefuglar med kort hale og korte, breie venger.

Neognathae mini|Ender høyrer til andefamilien Mest alle levande fuglar i verda er ein del av superordenen Neognathae. Sporvefuglar aleine utgjer ca. 6643 artar.

Andefuglar – Anseriformes Gjetarfuglfamilien, Anhimidae: Dei tre artane i familien finst berre i Sør-Amerika, frå Venezuela til nordre Argentina. Dette er store klumpete fuglar med lite hovud, lange bein og lange tær. Skjorgåsfamilien, Anseranatidae: Skjorgås er monotypisk i familien, tidlegare medlem av andefamilien Andefamilien, Anatidae: Svaner, gjæser og ender samlar ca. 166 artar på alle kontinenta i verda bortsett frå Antarktis, symjehud, tilpassa for symjing på vassoverflata, og i nokre tilfelle dukking. Varierer i storleik frå 26 til 183 cm.

Hønsefuglar – Galliformes Omnhønsfamilien, Megapodiidae: 21 mellomstore, bakkelevande klumpete fuglar, kjent for at dei ikkje rugar egga sine sjølve, men grev dei ned og utnyttar rugevarmen frå sola, frå platemateriale som rotnar eller med varme frå geotermiske kjelder. Hokkofamilien, Cracidae: Dette er 57 store, kalkunliknande fuglar i tropisk og subtropisk Sentral-Amerika og Sør-Amerika. Perlehønsfamilien, Numididae: Åtte artar av bakkehekkande fuglar, dei er insektetarar og frøetarar, og liknar mange artar i fasanfamilien. Naturleg utbreiingsområde er i Afrika, men hjelmperlehøne har blitt domestisert introdusert mange andre stader i verda. Tannvaktelfamilien, Odontophoridae: 34 Tannvaktlar er små, skye, dagaktive fuglar som lever på bakken i «den nye verda». Fasanfamilien, Phasianidae: Fasanfamilien inneheld over 185 små, mellomstore og store fugleartar med kraftig kropp. Dette er fasanar, rapphøner, vaktlar, frankolinar, påfugl, skogshøns og kalkunar. Har òg arten som er rekna som stamfar for tamhøns.

Flamingoar – Phoenicopteriformes Flamingofamilien, Phoenicopteridae: Flamingoar er seks artar av selskaplege fuglar med særs lange bein og lang hals som vadar. Dei er mest talrike på den austlege halvkula. Det finst fire artar i Amerika og to artar i «den gamle verda».

Dukkarar – Podicipediformes Dukkarfamilien, Podicipedidae: Dukkarar er 19 små til middels store vassfuglar, dei har hudlappar som gjer dei vel skikka til å symje og dukke. Føtene er festa langt tilbake på kroppen, så fuglane har vanskar med å gå.

mini|Fuglar frå dukkarfamilien

Turakoar – Musophagiformes Turakofamilien, Musophagidae: 23 mellomstore artar med særmerkte føter, ofte tydelege fjørkammar på hovudet, lange halar, er òg kjente for særeigne og heilt unike pigment som gjev dei lyse grøne og raude fjørene.

Trappar – Otidiformes mini|Hann og ho av bengaltrappe (Houbaropsis bengalensis) frå trappefamilien Trappefamilien, Otididae: Trappar er store bakkelevande fuglar med leveområde på tørt og opent steppeland i «den gamle verda» og Australia. Gruppa samlar 26 artar i 12 slekter.

Gaukefuglar – Cuculiformes Gaukefamilien, Cuculidae: Meir enn 150 mellomstore, slanke artar som lever i tre, med eit vesentleg mindretal som lever på eller nær bakken. Mange artar er kjente for å legge egg i reir av andre fuglar.

Mesittar – Mesitornithiformes Mesittfamilien, Mesitornithidae: Tre artar, alle endemiske til Madagaskar. Brunleg farge med fasanliknande utsjånad.

Sandhøns – Pterocliformes Sandhønsfamilien, Pteroclidae: 16 fugleartar med små, dueliknande hovud og nakke, med solid kompakt kropp. Varierer i storleik frå 24 til 40 cm i lengd, lever på opne sletter og halvørkenar i den «den gamle verda». Dei har kamuflerande fjørdrakt.

Duefuglar – Columbiformes Duefamilien, Columbidae: Omtrent 340 arter av kraftig bygde fuglar, dei fleste med korte halar, korte, små nebb med kjøttfulle ceres. Finst i heile verda med størst mangfald i den orientalske og i den australske regionen.

Hoatzinar – Opisthocomiformes Hoatzinfamilien, Opisthocomidae: Hoatzin, er ein mykje spesiell art av tropiske fuglar funne i sumpar, elvenær skog og i mangroveskog i nedslagsfeltet av Amazonaselva og Orinoco i Sør-Amerika. Hoatzin er einaste nolevande art i familien Opisthocomidae, han er òg kalla sigøynarfugl.

Tranefuglar – Gruiformes Trompetfuglfamilien, Psophiidae: Dei tre artane av trompetfuglar liknar tamhøns i storleik. Dei er runde i kroppsforma. Nebbet er kort og kraftig, hals og føter er lange. Leveområde er skogshabitat i Orinocobassenget og Amazonasbassenget. Riksetranefamilien, Aramidae: ein vassfugl som ser ut som ei stor rikse, men er skjelettmessig nærare traner. Arten finst hovudsakleg i våtmarker i varme delar av Amerika, Tranefamilien, Gruidae: Traner er 15 artar langhalsa fuglar spreidd på alle kontinent unntatt Sør-Amerika og Antarktis. Symjeriksefamilien, Heliornithidae: tre artar tropiske fuglar i tre ulike verdsdelar, Afrika, Asia og Amerika høvesvis. Dei liknar rikser. Dunrikser, Sarothruridae: 15 artar små rikseliknande fuglar med korte halar, degraderte, lette, dunaktige fjører. Lever i Afrika sør for Sahara og på Madagaskar. Riksefamilien, Rallidae: Nær 130 artar små til mellomstore fuglar med kort og rund kropp

Vade-, måse- og alkefuglar – Charadriiformes mini|Raudflikbladhøne (Jacana jacana). Juvenil fugl frå bladhønsfamilien mini|Teist (Cepphus grylle) frå alkefamilien Gulpesnipefamilien, Pluvianellidae: Ein art, gulpesnipe, sjeldan og særeigen vadefugl som berre finst i det sørlegaste Sør-Amerika, liknar steinvendar i struktur og i levemåte. Slirenebbfamilien, Chionididae: To artar av kvite, klumpete og dueaktige fuglar knytt til Antarktis og øyane i Sørishavet. Trielfamilien, Burhinidae: Ti artar fuglar i to slekter. Familien samlar ei gruppe av hovudsakleg tropiske fuglar. Dei finst i tropisk sone over heile verda. Krokodillevaktar, Pluvianidae: Ein vadefugl med leveområde i tropisk Afrika sør for Sahara som hekkar på sandbankar av særs store elver. Avosettfamilien, Recurvirostridae: Ni artar vadefuglar, samlar to distinkte undergrupper, avosettar og stylteløparar. Representantar finst på alle kontinent unntatt på Antarktis. Ibisnebbfamilien, Ibidorhynchidae: Ein art, ibisnebb, vadefugl som lever på elvebreiddene i høglandet av Sentral-Asia og Himalaya. Tjeldfamilien, Haematopodidae: 11 artar i ei slekt, alle med stor likskap i storleik og utsjånad. Lofamilien, Charadriidae: Nær 70 artar loar, boltitar og viper, små til mellomstore vadefuglar med kompakt kropp, kort, tjukk hals og lange, vanlegvis spisse venger. Slettevandrarfamilien, Pedionomidae: Ein art på det australske kontinent, slettevandrar, liten vadefugl, litt slankare enn ein vaktel. Rypesnipefamilien, Thinocoridae: Rypeliknande fuglar, familien er delt i to slekter, Attagis og Thinocorus, kvar med to artar. Familien har søramerikansk distribusjon, i regionane Andes og Patagonia. Riksesnipefamilien, Rostratulidae: Tre artar i to slekter, liknar ekte sniper. Afrika, India og Søraust-Asia, Australia og sørlege Sør-Amerika. Bladhønsfamilien, Jacanidae: Åtte artar tropiske vadefuglar, karakteristisk er enorme føter og klør som gjer dei i stand til å vandre rundt på flytande vegetasjon på grunne innsjøar. Snipefamilien, Scolopacidae: Ca. 90 artar sniper og spovar. Springvaktelfamilien, Turnicidae: 18 artar på varmt grasland i Asia, Afrika og Australia, dei er små, lite synlege fuglar som helst spring på bakken framfor å flyge Krabbeetarfamilien, Dromadidae: Ein art, krabbeetar, nyttar varme frå bakken som rugevarme til egga, liknar loar, men har særs lange, grå bein og eit tjukt, kraftig svart nebb. Brakksvalefamilien, Glareolidae: 17 artar i seks slekter, samlar to distinkte undergrupper, brakksvaler og løparar. Jofamilien, Stercorariidae: Sju artar, har kraftige og krokete nebb, spisse venger og forlenga midtre halefjør Alkefamilien, Alcidae: Familien har 24 artar fordelt på 10 slekter, alle med leveområde i relativt nordlege, kalde område. Seks av artane lever i Nord-Atlanteren Måsefamilien, Laridae: Dei fleste lever ved kyst og hav, utbreidd over heile verda, 105 artar gruppert i 23 slekter.

Solrikser og kaguar – Eurypygiformes Eurypygidae: Solriksa finn ein normalt nær elvar og bekker i skogsvegetasjon i lågland opp til 900 moh. i Amerika. Rhynochetidae: Kagu er monotypisk i familien. Han er endemisk for Ny-Caledonia.

Tropikkfuglar – Phaethontiformes Tropikkfuglfamilien, Phaethontidae: Tropikkfuglar er tre tropisk pelagiske artar i slekta Phaeton.

Lommar – Gaviiformes Lomfamilien, Gaviidae: fem vassfuglar i slekta Gavia med utbreiing i nordlege Eurasia og i Nord-Amerika.

mini|Bøylepingvin (Pygoscelis papua) er eit medlem av den symjande pingvinfamilien Pingvinar – Sphenisciformes Pingvinfamilien, Spheniscidae: Finst på den sørlege halvkula. Har mista flygeevna, men er særs gode symjarar. Forlemmene fungerer som luffar under vatn. 19 artar i seks slekter.

mini|Snøpetrell er ein av artane i stormfuglfamilien Stormfuglar – Procellariiformes Albatrossfamilien, Diomedeidae: Albatrossar er 20 store artar som streifar vidt kring i Sørishavet og Nord-Stillehavet. Oseansvalefamilien, Oceanitidae: Ei ny gruppe splitta ut frå Hydrobatidae i 2018, dette er ti små stormfuglar som lever hovudsakleg på den sørlege halvkula. Stormsvalefamilien, Hydrobatidae: Lever hovudsakleg på den nordlege halvkula, saman med oseansvaler ein kosmopolitisk distribusjon. 18 artar. Stormfuglfamilien, Procellariidae: Eigentlege stormfuglar, ei stor gruppe på 96 sjøfuglar som femnar om havhestar, petrellar, kvalfuglar, lirer og dukkpetrellar.

Storkar – Ciconiiformes Storkefamilien, Ciconiidae: 20 artar av store fuglar, spreidde i alle verdsdelar unntatt Antarktis. Det karakteristiske for desse fuglane er lang hals, lange kraftige bein og langt nebb.

mini|Hann av praktfregattfugl, som høyrer til fregattfuglfamilien Sulefuglar – Suliformes Fregattfuglfamilien, Fregatidae: Det er klassifisert fem artar av tropiske pelikanfuglar i ei slekt, Fregata. Dei vert òg kalla piratar.