Vardø kapell, òg kalla Steglnes kapell, er eit kapell som står ved kyrkjegarden på Steglneset, kring 200 meter sørom Vardøhus festning i Vardø by i Vardø kommune i Finnmark fylke. Kapellet er bygd som ei tømra langkyrkje i 1908.Arkitekturguide for Nord-Norge og Svalbard: «Vardø kapell» på nettstaden til Universitet i Tromsø
mini|venstre|Vardø sett frå fastlandet. Kapellet og kyrkjegarden ligg midt i busetjing på fotografiet, medan Vardø kyrkje ligg nær høgre kant. mini|venstre|Stegelneskapellet i Vardø innvendig, med blyglassvindauge, døypefont, prestestol og altarring (modifisert ballustrade) frå gamle Vardø kyrkje.
I 1907–1908 vart det laga til ny kyrkjegard i Vardø fordi det byrja verte plassmangel på den gamle, og kapellet vart bygd til i samband med dette. Byggmeister for kapellet var Lars Johnsen. Det finst lite av skriftlege kjelder om kapellet frå dei fyrste åra, men det ser ut til å ha vorte lite bruka. Ifylgje munnlege kjelder ynskte folk å ha gravferdene frå Vardø kyrkje, sjølv om det var den nye kyrkjegarden som skulle nyttast.Arkitekturguide for Nord-Norge og Svalbard
I motsetnad til Vardø kyrkje vart ikkje kapellet øydelagt undre andre verdskrigen. På 1990-talet måtte det restaurertast og det stod ferdigvøld i 1997. I seinare år har det vorte meir populært å nytte, og det vert no halde bryllaup og barnedåpar så vel som gravferdsgudstenester i kapellet.
Kjelder
Arkitekturguide for Nord-Norge og Svalbard: «Vardø kapell» «Oversikt over nåværende kirker» på nettstaden kirkekonsulenten.no
Kategori:Bygningar i Finnmark og Nord-Troms frå før 1944 Kategori:Kyrkjer i Vardø Kategori:Kyrkjer i Varanger prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1908