Advokatforeningen eller Den Norske Advokatforening er ei foreining av advokatar i Noreg. Ho har kring 7000 medlemmar, der ca. 1350 er advokatfullmektigar og ca. 400 er passive medlemmar. Advokatforeininga har sekretariat i Oslo. Foreininga gir ut Norsk Retstidende, Rettens Gang og Advokatbladet. Ho driv også ei netteneste kalla Advokatenhjelperdeg.no.

Foreininga vart stifta i 1908 med namnet Den Norske Sagførerforening.

Jens Johan Hjort blei i 2016 vald til leiar i foreininga. Generalsekretær er Merete Smith.Om generalsekretær Merete Smith

Sjå også Disiplinærordninga for advokatar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Offisiell nettstad Advokatenhjelperdeg.no

Kategori:Norske juristar Kategori:Norske interesseorganisasjonar Kategori:Juridiske organisasjonar Kategori:Skipingar i 1908