Leskovac (kyrillisk Лесковац) er ein by og ein kommune sør i Serbia. Han er det administrative senteret i distriktet Jablanica. Europaveg 75 frå Beograd til Thessaloníki i Hellas går gjennom byen.

Historie I 1860 var Leskovac den nest største byen i Fyrstedømet Serbia (etter Beograd). I 1867 dreiv fyrstedømet osmanarane ut av byane og fekk suverenitet over området, som vart internasjonalt anerkjend i Berlingerkongressen i 1878. I starten gjekk dette utover handelen i byen, men det tok seg opp att mot slutten av 1800-talet. Leskovac var kjend over heile Balkan for verkstadane som gjorde hamp om til tau. Under Det osmanske riket vart byen kalla Leskofça og var ein del av Niş sanjak fram til 1878.

Etter kvart vart det bygd vassdrivne møller i regionen. I 1896 kjøpte grunnleggarane av desse fabrikkutstyr for å produsere ullklede frå Det tyske riket. Dette var den første fabrikken i byen. I 1903 vart det bygd ein fabrikk for å handsame hamp nord for det gamle bysentrumet. I 1922 opna familien Teokarevic ein ullfabrikk i den vesle byen Vucje nær Leskovac. I 1938 hadde dei private tekstilfabrikkane i Leskovac 2560 arbeidarar.

Byen, som opphavleg vart kalla Dubočica, vart kjend som «Vesle Manchester» på 1800-talet, sidan berre Manchester i England overgjekk tekstilproduksjonen her. Byen var framleis eit stort tekstilsenter etter at kommunismen kollapsa i Aust-Europa, men som følgje av krigane i Serbia på 1990-talet kollapsa industrien."A Serbian Region Unravels With Its Textile Industry", artikkel av Nicholas Wood i New York Times, 29. januar 2007

Den andre verdskrigen Under den andre verdskrigen vart byen utsett for kraftige bombeåtak frå dei allierte i 1944, og det er estimert at mellom 1000 og 6000 innbyggjarar mista livet.Historia til LeskovacBombinga av Leskovac

Kosovokrigen 12. april 1999, under NATO-bombinga av Jugoslavia, vart ei bru nær Leskovac (Grdelička klisura) øydelagd under flyåtak frå NATO medan eit passasjertog kryssa brua.

Befolkningsutvikling

+ Historiske folketal År Folketal 1948 113 158 1953 121 311 1961 134 250 1971 147 487 1981 159 001 1991 161 986 2002 156 252 2011 144 206 2022 123 950

Busetnader Dei største busetnadane i kommunen er:

Folketal 2002 Folketal 2011 Folketal 2022 Zaječar 63 185 60 288 54 091 3 531 3 482 3 361 3 258 2 865 2 553 1 782 2 635 2 371 3 090 2 730 2 327 2 086 2 027 1 713 2 383 2 136 1 694

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Leskovac» frå , den 23. mars 2009.

Referansar

Bakgrunnsstoff Offisiell nettside

Kategori:Byar i regionen Sørlege og austlege Serbia Kategori:Byar og tettstader i distriktet Jablanica Kategori:Distriktet Jablanica