mini|Handlaga maṣṣá sjemurá. Usyra brød er brød baka utan hevemiddel, som surdeig, gjær eller natron (bakepulver). Usyra brød er eigentleg ei form for flatt brød, som er vanlege matslag i store delar av verda. I religiøs samanheng er denne typen brød særleg viktige innan jødedommen og kristendommen. Massá (hebraisk מַצָּה maṣṣā) er usyra brød bruka ved jødisk feiring av pesah. Nattverdsoblat er usyra brød framstilt for utdeling ved nattverd i den kristne kyrkja.

Jødisk tyding mini|Mjuk massá. I jødedommen skal usyra brød minna om brødet jødane i all hast måtte baka før utferda frå Egypt. I Toraen står det:

I sju dagar skal de eta usyra brød. Alt den første dagen skal de ta surdeigen ut frå husa dykkar. Kvar den som et noko som er syra, frå den første til den sjuande dagen, skal støytast ut frå Israel. Den første dagen skal de halda ei heilag samling, på den sjuande dagen skal de òg halda ei heilag samling. Desse dagane skal de ikkje gjera noko arbeid. Berre den maten som kvar av dykk treng, skal de laga til. Høgtida med usyra brød skal de halda, for på denne dagen førte eg hærane dykkar ut frå Egypt. Difor skal de feira denne dagen i slekt etter slekt. Det skal vera ei evig ordning. Frå kvelden den fjortande dagen i den første månaden til kvelden den tjueførste dagen i same månaden skal de eta usyra brød. I sju dagar må det ikkje finnast surdeig i husa dykkar. Kvar den som et noko som er syra, skal støytast ut frå Israels forsamling, anten han er innflyttar eller fødd i landet. De må ikkje eta noko som er syra. Kvar de enn bur, skal de eta usyra brød.Nynorskomsetjinga av Bibelen frå 2011,

I Det nye testamentet vert påska (pesah) kalla «høgtida med usyra brød»; i eldre omsetjingar vert ho kalla «søtebrødhelgi».

No leid det nær innåt søtebrødhelgi, som dei kallar påske.Luk. 22,1 i Studentmaallaget si bibelumsetjing

I samband med pesah kvittar jødar seg med alt syra brød (chametz eller ḥametz) dei eig.

Kristen tyding mini|Hostie under ei katolsk messe. Nokre kristne kyrkjesamfunn nyttar usyra brød som nattverdsoblat eller hostie. Dette er påkravd i den katolske kyrkjaCode of Canon Law - Book IV - Function of the Church Liber (Cann. 879-958) og er ein nedervd tradisjon i armensk ritus. Også mange protestantiske kyrkjer nyttar usyra brød til oblat, mellom anna den norske kyrkja, men skikk og bruk kan variera. Innan det meste av ortodoks kristendom er det derimot forbode å nytta usyra brød til nattverd.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Påske Kategori:Brød Kategori:Mat og religion Kategori:Flate brød