thumb|Sergej Karjakin vart stormeister i sjakk 12 år og sju månader gamal i 2002 Sjakk-vedunderbarn er barn som spelar sjakk så bra at dei er i stand til å slå meisterspelarar og også stormeistrar i sjakk, ofte i svært ung alder. Sjakk er ein av dei få sportsgreinene der barn kan konkurrere med vaksne på same vilkår, det er på såleis eit av dei få områda der det finst verkelege vedunderbarn. Det kan knyte seg store forventningar til sjakk-vedunderbarn, og somme har også blitt verdsmeistrar i sjakk, medan andre ikkje har hatt same framgangen som vaksne.

Tidlege sjakk-vedunderbarn

Tidlege sjakk-vedunderbarn var Paul Morphy (1837–1884) og José Raúl Capablanca (1888–1942). Begge vann tvikampar mot sterke vaksne motstandarar då dei var 12 år. Samuel Reshevsky (1911–1992) gav simultan-oppvisningar då han var seks år.Chessbase: "Chess Prodigies and Mini-Grandmasters" Morphy var å rekne som uoffisiell verdsmeister rundt 1860 - offisielle verdsmeistrar reknar ein med frå 1886. Capablanca vart verdsmeister, og sjølv om Reshevsky aldri vart verdsmeister, så var han ein av toppspelarane i verda i mange år.

Liste over yngste stormeistrar

Ein målestokk for sjakk-vedunderbarn er kva alder dei oppnådde tittelen Stormeister i sjakk. Her bør det takast eit visst omsyn til at denne tittelen berre har eksistert sidan 1950; og også at det har blitt noko enklare å oppnå tittelen i dei seinare åra - det har særleg blitt mange fleire høve til å delta i sterke turneringar og dermed kvalifisere seg for tittelen. Det har dermed blitt lettare å klare krava, sjølv om nivået på prestasjonen neppe har blitt vesentleg mindre.

Uansett, det har blitt fleire sterke sjakk-vedunderbarn dei siste åra. Dette kan skuldast teknologisk framgang, der datamaskiner med sjakkprogram gjer det mogleg å lære og trene raskare, og det har også blitt mogleg å spele mot sterke motstandarar på internett.

Rekordhaldarane Lista under viser dei spelarane som har halde rekorden som yngste stormeister. Alderen oppgitt i lista er alderen då dei kvalifiserte seg for tittelen. Dette er ikkje den alderen dei offisielt vart Stormeister. Dette fordi Verdssjakkforbundet FIDE berre delar ut denne tittelen på sine offisielle møte, som er berre nokre få gongar i året. Spelarane er ført opp med nasjonaliteten dei hadde då dei oppnådde tittelen, ikkje deira seinare eller noverande nasjonalitet.

{| class="wikitable" !År !!Spelar !!Nasjon !!Alder

| 1950 || David Bronstein || || 26 år |- | 1952 || Tigran Petrosjan || || 23 år |- | 1955 || Boris Spasskij || || 18 år |- | 1958 || Bobby Fischer || || 15 år, 6 månader, 1 dag |- | 1991 || Judit Polgár || || 15 år, 4 månader, 28 dagar |- | 1994 || Péter Lékó || || 14 år, 4 månader, 22 dagar |- | 1997 || Étienne Bacrot || || 14 år, 2 månader, 0 dagar |- | 1997 || Ruslan Ponomariov || || 14 år, 0 månader, 17 dagar |- | 1999 || Bu Xiangzhi || || 13 år, 10 månader, 13 dagar |- | 2002 || Sergej Karjakin || || 12 år, 7 månader, 0 dagar

Dette er ei liste over dei spelarane som har klart krava til å bli stormeister før dei fylte 15 år:

{| class="wikitable" !Spelar !!Nasjon !!Alder |- | Sergej Karjakin || || 12 år, 7 månader, 0 dagar |- | Parimarjan Negi || || 13 år, 4 månader, 22 dagar |- | Magnus Carlsen || || 13 år, 4 månader, 27 dagar |- | Bu Xiangzhi || || 13 år, 10 månader, 13 dagar |- | Richárd Rapport || || 13 år, 11 månader, 6 dagarIntervju med Richárd Rapport hos Chessbase, vitja 8. april 2010 |- | Teimour Radjabov || || 14 år, 0 månader, 14 dagar |- | Ruslan Ponomariov || || 14 år, 0 månader, 17 dagar |- | Wesley So || || 14 år, 1 månad, 28 dagar |- | Étienne Bacrot || || 14 år, 2 månader, 0 dagar |- | Maxime Vachier-Lagrave || || 14 år, 4 månader |- | Péter Lékó || || 14 år, 4 månader, 22 dagar |- | Hou Yifan || || 14 år, 6 månader, 16 dagarHou Yifan – the youngest female grandmaster in history (Chessbase, December 8 2008) oppgir 14-6-2, men dette kan ikkje vere rett, for denne datoen, 29. august, var den første dagen i turneringa ho klarte det endelege kravet, Kvinne-verdsmeisterskapen i sjakk 2008. Ho klarte kravet ved slutten av turneringa, den 12. september 2008. |- | Anish Giri || || 14 år, 7 månader, 2 dagar |- | Jurij Kuzubov || || 14 år, 7 månader, 12 dagar |- | Dariusz Swiercz || || 14 år, 7 månader, 29 dagar |- | Nguyen Ngoc Truong Son || || 14 år, 10 månader |- | Fabiano Caruana || || 14 år, 11 månader, 10 dagar |- | Ray Robson || || 14 år, 11 månader, 16 dagar

Dette er ei liste over dei yngste kvinnelege stormeistrane i sjakk. (Dette har ikkje noko å gjere med tittelen Kvinne-stormeister i sjakk (WGM), som er langt enklare å klare.)

{| class="wikitable" !År !!Spelar !!Nasjon !!Alder

| 1978 || Nona Gaprindasjvili || || 27 år |- | 1984 || Maia Tsjiburdanidze || || 23 år |- | 1991 || Susan Polgar || || 21 år |- | 1991 || Judit Polgár || || 15 år, 4 månader |- | 2002 || Koneru Humpy || || 15 år 1 månad |- | 2008 || Hou Yifan || || 14 år, 6 månaderWWCC - Nalchik 2008 - and now there are just four!, FIDE nettside, 9. september 2008

Bakgrunnsstoff Edward Winter, Chess Prodigies (2005, oppdatert i 2006 og 2007) Chessbase news about young Grandmasters

Fotnotar

Kategori:Sjakk Kategori:Sjakkspelarar