Vike kyrkje, tidlegare Vike kapell, står ved Vikaneset i Alver kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1891. Kyrkja er teikna av Johannes Arnesson Øvsthus.
mini|høyre|Kyrkja ligg heilt nede ved fjorden, nedom E39.
Historie
Kyrkja er den fyrste på staden. Ho vart vigsla 2. desember 1891 av biskop Fredrik Waldemar Hvoslef. Før dei fekk henne sokna folk i området til Hamre kyrkje og Hosanger kyrkje på Osterøy. Vike kyrkje er soknekyrkje i Vike sokn i Nordhordland prosti.
Kyrkjeklokka er frå då kyrkja var ny og er merka med «Ceg. V. Bochumer Verein 1891».
Interiør
Kjelder Norges Kirker: «Vike kirke» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforsking Redaktør Eli Fjelde Vikan: Festskrift Vike Kapellkyrkje
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Om Vike sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Lindås kommune på nettstaden disnorge.no
Kategori:Kyrkjer i Alver Kategori:Kyrkjer i Nordhordland prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1891 Kategori:Johannes Øvsthus Kategori:Kulturminne i Alver