«You Still Want Me» var den andre singelen til The Kinks. Han kom ut 17. april 1964. Songen er skriven av Ray Davies og var den første sjølvskrivne singelen bandet gav ut. Songen vart produsert av Shel Talmy. Som føregangaren gjekk han ikkje inn på salslista då han kom ut. Dette førte til at Pye Records vurderte å droppe bandet. Men den massive suksessen til den neste singelen deira, «You Really Got Me», sikra at bandet vart verande på Pye fram til 1970 då kontrakten deira gjekk ut.
Medverkande Ray Davies - vokal Dave Davies - gitar Pete Quaife - bass Mick Avory - trommer
Bakgrunnsstoff
Kategori:The Kinks-songar Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:Songar frå 1964 Kategori:Songar produserte av Shel Talmy Kategori:Songar skrivne av Ray Davies Kategori:Pye Records-singlar