«See My Friends» er ein song av The Kinks, skriven av Ray Davies. Han vart gjeven ut som singel i 1965 og nådde tiandeplassen i Storbritannia. Songen er ein av få psykedeliske rockesongane bandet spelte, men til gjengjeld ein av dei første psykedeliske rockesongane nokon gong, og ein av dei første vestlege rockesongane med indisk ragalyd.
Ray Davies har fortalt at songen handlar om saknet etter syster si, som ei stund budde i Ontario i Canada. Då ho kom tilbake frå England vart ho sjuk og døydde av hjartefeil medan ho dansa på ein nattklubb. Like før ho døydde hadde ho gjeve Ray Davies den første gitaren hans som bursdagsgåve på 13-årsdagen hans. Davies fekk også inspirasjon til songen då dei stoppa i Bombay. Davies vitja stranden med jetlag i kroppen ein tidleg morgon, og høyrte fiskarar som song på veg til arbeid.Bellman, Jonathan (1998). p. 294
Kjelder Denne artikkelen bygger på «See My Friends» frå , den 16. april 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:The Kinks-songar Kategori:Singlar frå 1965 Kategori:Songar frå 1965 Kategori:Pye Records-singlar Kategori:Songar produserte av Shel Talmy Kategori:Songar skrivne av Ray Davies