Hatvik-Venjaneset (fram til 1979 Hatvik-Fusa) er eit ferjesamband over Bjørnafjorden på fylkesveg 552 mellom Os og Fusa. Fjord1 driv i dag sambandet med ferja MF «Årdal», med opptil to avgangar i timen. Overfarten tar om lag 13-15 minuttar.

Historie Då vegen sørover frå Fusa til Mundheim stod ferdig i 1937, vart det aktuelt å opne ei ferjerute mellom Hatvik i Os og Eikelandsosen i Fusa. Det Midthordlandske Dampskipsselskap leigde inn kutteren «Gå På I», som kunne ta 2-3 bilar, og som starta i ruta sommaren 1937. Behovet for ein større båt var stort og alt i oktober 1937 vart motorkuttaren «Svindland» sett inn i ruta. Denne var større enn «Gå På I» og kunne ta to bussar på tvers på framdekket. Truleg gjekk «Svindland» i ruta fram til andre verdskrigen braut ut i 1940. Tyskarane nytta Hatvik som marinebase under krigen og det var derfor ingen ferjetrafikk her i desse åra.

Sommaren 1949 tok MF «Fusa» over ruta og gjekk her fram til 1956, då MF «Rosendal» gjekk inn i ruta. I 1962, då HSD tok over ruta, og fram til 1969 tok derimot MF «Fusa» over sambandet att. Ei ny ferje, MF «Fusa», vart bygt i 1969 og sett inn i ruta. Denne ferja gjekk i ruta i 18 år, fram til 1987, men i 1979 vart det bygt nytt ferjeleie ved Venjaneset. Ruta vart då langt kortare.

I 1987 fekk den gamle ferja MF «Stord» nytt namn og vart den tredje ferja med namnet MF «Fusa». Ferja vart sett inn i sambandet og gjekk her med korte avbrekk fram til 1997. Det same vart ferja MF «Eidfjord» (tidlegare MF «Bjørgvin»), som gjekk i sambandet frå 1986 til 1998. I 1998 vart ei nybygd ferje sett inn sambandet, MF «Folgefonn». Denne ferja gjekk meir eller mindre fast fram til FosenNamsos tok over sambandet i 2011. I 2020 tok Fjord1 over sambandet med MF «Årdal». Kontraktven varer fram til 31.12.2029.

Ferjer i sambandet MK «Gå På I» - 1937 MK «Svindland» - 1937 - ? MF «Fusa» (I) - 1949-1956 og 1962-1969. MF «Rosendal» - 1956-1962 MF «Vøringen» - 1966-1969 og 1983 (ekstraferje om sommaren) MF «Fusa» (II): 1969 - 1987 MF «Kinsarvik»: April-juli 1972, 1973-1974 MF «Kvarven»: 1974 (ekstraferje om sommaren) MF «Folgefonn»: 1975-1978 (ekstraferje om sommaren) MF «Huglo»: 1975, 1976, 1978 (ekstraferje om sommaren) MF «Osterøy»: 1977 (ekstraferje om sommaren) MF «Valestrand»: 1977 (ekstraferje om sommaren) MF «Ølen»: 1977 - MF «Solfrid» - 1978 (ekstraferje om sommaren) MF «Fusa» (III): 1987-1997 med avbrekk MF «Eidfjord»: 1986-1998, 2002 (kort) MF «Folgefonn» : 1998 - august 2010 MF «Høgsfjord»: August - desember 2010 MF «Fosen»: 2011 - desember 2019 MF «Årdal»: 2020 -

Kjelder

FosenNamsos Sjø Fjordfähren om ferjer i sambandet

Bakgrunnsstoff Bilete og informasjon om sambandet

Kategori:Fylkesveg 552 Kategori:Ferjesamband i Vestland Kategori:Samferdsle i Bjørnafjorden Kategori:MDS-samband Kategori:HSD-samband Kategori:Tide-samband Kategori:FosenNamsos Sjø-samband