Eurovision Song Contest 2010 (ESC 2010), offisielt 55. Eurovision Song Contest, var den 55. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Telenor Arena i Bærum i Noreg. Den fyrste semifinalen fann stad tysdag 25. mai 2010, den andre semifinalen fann stad torsdag 27. mai 2010 og finalen fann stad laurdag 29. mai 2010. Tyskland vann tevlinga med songen «Satellite», sungen av Lena.

Under finalen i Eurovision Song Contest 2009 vart det igjen brukt nasjonale fagjuryar i tillegg til telefonrøysting, der røystene til fagjuryane og telefonrøystene i utgangspunktet skulle telje like mykje. Frå og med 2010 skulle dette systemet òg takast i bruk under semifinalane. Totalt 39 land deltok i tevlinga: Georgia kom attende etter ikkje å ha delteke i 2009, medan Andorra, Tsjekkia, Ungarn og Montenegro trekte seg. Litauen kunngjorde fyrst at dei ikkje kom til å delteke, men stod seinare på lista over stadfesta deltakarland kunngjort av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU).

Arrangement mini|Telenor Arena. Dåverande statsråd i kulturdepartementet Trond Giske og kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas vart samde om eit budsjett på rundt 150 millionar kroner, noko som er om lag 130 millionar kroner mindre enn budsjettet til Moskva frå 2009, men 50 millionar meir enn Helsingfors då Finland arrangerte tevlinga i 2007. Dette estimatet vart seinare justert til 211 millionar kroner.

Det vart tidleg slått fast av Norsk rikskringkasting (NRK) at ein kom til å nytte ein allereie eksisterande arena, og at det ikkje ville verte bygd noko nytt i samband med arrangementet. EBU gav NRK og kulturministaren melding om at det vart stilt strenge krav til arena, noko som gjorde Tromsø, Bergen, Trondheim og Stavanger uaktuelle som arrangørbyar, sjølv om desse byane viste interesse for å arrangere tevlinga. Dimed stod valet mellom Telenor Arena på Fornebu i Bærum og Oslo Spektrum i Oslo. 3. juli 2009 vart det avgjort at tevlinga skulle arrangerast i Telenor Arena.

Finalen vart arrangert 29. mai med semifinalar 25. og 27. mai. Opphavleg dato for finalen var 22. mai med semifinalar 18. og 20. mai, men dette vart endra, då 22. mai òg er dato for finalen i Mesterligaen.

Programleiarar

Norske medium starta tidleg å spekulere i moglege kandidatar til programlederjobbene. Jon Almaas og Fredrik Skavlan frå høvesvis Nytt på nytt og Skavlan var mellom dei som vart nemnt hyppigast, medan duoen Thomas Numme og Harald Rønneberg vann ei avrøsting der Dagbladet spurde kva for kjendisar ein helst ville ha som programleiarar. Dorthe Skappel, som enda på andreplass i Dagbladet si kåring, viste interesse for å verte programleiar.

På ein pressekonferanse 10. mars 2010 offentleggjorde NRK at Eurovision Song Contest 2010 skulle leiast av Erik Solbakken, Haddy N'jie og Nadia Hasnaoui. Programleiarane opna og avslutta sendingane i fellesskap, men hadde ulike oppgåver undervegs. Medan Solbakken og N'jie stod for kontakten med deltakarane, hadde Hasnaoui ansvaret for avrøstinga. Dette var andre gongen i historia til tevlinga ein hadde fleire enn to programleiarar; fyrste gongen var i 1999.

Pauseinnslag Pauseinnslaget i den fyrste semifinalen var ein film om menneskelege lydar, medan den andre semifinalen sitt pauseinnslag handla om korleis ein gut kom seg til konsertarenaen, der han deltok i ein oppvisning i breakdance. Pauseinnslaget i finalen bestod mellom anna av førehandsinnspelte klipp av dansande flash mob-ar frå ulike stader i Europa, og dessutan direkteoverføring frå Hamburg. Klipp frå fjernsynsstover i alle deltakarland direkte via nettkamera var òg med. Publikum i salen deltok òg i dansen. Den norske rapgruppa Madcon song songen «Glow» som ein del av pauseinnslaget.

Avrøysting EBU vidareførte ordninga med både jury- og telefonrøyster som vart introdusert under finalen i Eurovision Song Contest 2009. I 2010 vart dette systemet òg teke i bruk under semifinalane. Kvart land hadde ein nasjonal fagjury som gav poeng i valørane 12, 10 og 8–1 til sine favorittbidrag. Røystene til juryen vart kombinert med resultatet frå telefonavrøstinga ved at dei ti bidraga som mottok flest telefonrøystar, òg fekk poeng i valørane 12, 10 og 8–1. Dei ti bidraga som til saman hadde fått flest røyster då jury- og telefonrøystene vart lagt saman, mottok poeng frå landet. Ved eventuell røystelikskap skulle telefonrøystene vege tyngst.

Dette året kunne ein røyste frå før fyrste land hadde framført til om lag 15 minutt etter at siste bidrag var framført. Tidlegare kunne ein berre røyste i om lag 15 minutt etter at eit land hadde framført.Oslo 2010: Televoting during entire shows, eurovision.tv

Orkester Ei gruppe på nettsamfunnet Facebook som hadde som mål at det skulle nyttast orkester under Eurovision Song Contest 2010, oppnådde nærare 5000 medlemmar. Det vart nytta orkester i tevlinga frå starten i 1956 til og med 1998. Sidan Eurovision Song Contest 1999 har ein som fylgje av den tekniske utviklinga innan musikkindustrien vald å nytte forhandsinnspelte lydspor i staden. Debatten om framtida til orkestret i tevlinga har versert sidan, men EBU ytra ikkje noko ynskje om å endre på den noverande ordninga. Jan Fredrik Heyerdahl frå Kringkastingsorkestret sa at orkestret var interessert i å bidra i tevlinga, om EBU og NRK samtykte.

Fordeling av semifinaleplassar Sundag 7. februar 2010 vart det halde ei trekning som avgjorde kva for land som skulle delteke i kvar av dei to semifinalane. Deltakarlanda vart fordelt i fem ulike grupper basert på røystemønstrane frå tidlegare tevlingar. Det vart òg avgjord i kva for ein halvdel av semifinalen dei respektive landa kom til å framføre – dette for at delegasjonane skulle vita når øvingane starta. Det vart òg avgjord i kva for semifinalar vertslandet Noreg og «Dei fem store», Storbritannia, Frankrike, Spania og Tyskland, som alle var førehandskvalifiserte til finalen, skulle vere med og røyste. Den endelege rekkjefylgja for fremføringane vart trekt 23. mars 2010. Her vart det òg avgjord i kva for ei rekkjefylgje landa skulle presentere røystene sine under finalen.

Gruppe 1 Gruppe 2 Gruppe 3 Gruppe 4 Gruppe 5

Bidraga Semifinale 1 Den fyrste semifinalen vart kringkasta 25. mai frå Telenor Arena i Bærum. Dei ti landa med ein kombinasjon av 50 prosent telefonrøystar og 50 prosent juryrøystar som hadde fått flest poeng frå dei andre landa i denne semifinalen og dei tre direktekvalifiserte landa som ville røyste i denne semifinalen kvalifiserte seg til finalen. Frankrike, Tyskland og Spania måtte kringkaste og røysta i denne semifinalen. EBU kunngjorde poenga og plasseringane for kvart land etter finalen. Dette for at sjåarane og juryane som røysta ikkje ville verte påverka i finalen og røyste ut i frå dette, men ha eit nøytralt bilete heile tida.

# Land Artist Song Språk Poeng Plass 01 SunStroke Project og Olia Tira «Run Away» Engelsk 52 10 02 Pjotr Nalitsj og vennar «Lost and Forgotten» Engelsk 74 7 03 Malcolm Lincoln og Manpower 4 «Siren» Engelsk 39 14 04 Kristína Peláková «Horehronie» Slovakisk 24 16 05 Kuunkuiskaajat «Työlki ellää» Karelsk 49 11 06 Aisha «What For?» Engelsk 11 17 07 Milan Stanković «Ovo je Balkan» Serbisk 79 5 08 Vukašin Brajić «Thunder and Lightning» Engelsk 59 8 09 Marcin Mroziński «Legenda» Engelsk og polsk 44 13 10 Tom Dice «Me and My Guitar» Engelsk 167 1 11 Thea Garrett «My Dream» Engelsk 45 12 12 Juliana Pasha «It's All About You» Engelsk 76 6 13 Jórgos Alkaíos og vennar «ÓPA!» Gresk 133 2 14 Filipa Azevedo «Há dias assim» Portugisisk 89 4 15 Gjoko Taneski, Billy Zver og Damjan Pejčinoski «Jas ja imam silata» Makedonsk 37 15 16 3+2 og Robert Wells «Butterflies» Engelsk 59 9 17 Hera Björk «Je ne sais quoi» Engelsk og fransk 123 3

Semifinale 2 Den andre semifinalen vart kringkasta 27. mai frå Telenor Arena i Bærum. Dei ti landa med ein kombinasjon av 50 prosent telefonrøystar og 50 prosent juryrøystar som hadde fått flest poeng frå dei andre landa i denne semifinalen og dei tre direktekvalifiserte landa som ville røyste i denne semifinalen kvalifiserte seg til finalen. Noreg og Storbritannia måtte kringkaste og røysta i denne semifinalen. EBU kunngjorde poenga og plasseringane for kvart land etter finalen. Dette for at sjåarane og juryane som røysta ikkje ville verte påverka i finalen og røyste ut i frå dette, men ha eit nøytralt bilete heile tida.

# Land Artist Song Språk Plass Poeng 01 InCulto «East European Funk» Engelsk 12 44 02 Eva Rivas «Apricot Stone» Engelsk 6 83 03 Harel Skaat «Milim» Hebraisk 8 71 04 Chanée og N'evergreen «In a Moment Like This» Engelsk 5 101 05 Michael von der Heide «Il pleut de l'or» Fransk 17 2 06 Anna Bergendahl «This Is My Life» Engelsk 11 62 07 Safura «Drip Drop» Engelsk 2 113 08 Aljosja «Sweet People» Engelsk 7 77 09 Sieneke «Ik ben verliefd (Sha-la-lie)» Nederlandsk 14 29 10 Paula Seling og Ovi «Playing with Fire» Engelsk 4 104 11 Ansambel Roka Žlindre og Kalamari «Narodnozabavni rock» Slovensk 16 6 12 Niamh Kavanagh «It's for You» Engelsk 9 67 13 Miroslav Kostadinov «Angel si ti» Bulgarsk 15 19 14 Jon Lilygreen og The Islanders «Life Looks Better in Spring» Engelsk 10 67 15 Feminnem «Lako je sve» Kroatisk 13 33 16 Sopho Nizharadze «Shine» Engelsk 3 106 17 maNga «We Could Be the Same» Engelsk 1 118

Finalen Finalen vart kringkasta 29. mai frå Telenor Arena i Bærum. Frankrike, Spania, Storbritannia og Tyskland, kalla dei fire store, og vertslandet Noreg var direktekvalifisert til finalen. 20 land kvalifiserte seg frå dei to semifinalane 25. og 27. mai. Totalt deltok 25 land i finalen. I 2010 fekk en berre røyste i 15 minutt etter alle landa hadde framført sitt bidrag. Dette var ulikt systemet frå 2009 der ein kunne røyste under alle framføringane. Då Spania framføre sitt bidrag laup den kjende avbrytaren Jimmy Jump opp på scena. Svante Stockselius, øvste ansvarlege for Eurovision Song Contest, gav Spania lov til å framføre bidraget på nytt etter at Danmark hadde framført sitt bidrag. Jimmy Jump fekk seinare ei bot på 15 000 kroner.

# Land Artist Song Språk Poeng Plass 01 Səfurə «Drip Drop» Engelsk 145 5 02 Daniel Diges «Algo pequeñito» Spansk 68 15 03 Didrik Solli-Tangen «My Heart Is Yours» Engelsk 35 20 04 SunStroke Project og Olia Tira «Run Away» Engelsk 27 22 05 Jon Lilygreen og The Islanders «Life Looks Better in Spring» Engelsk 27 21 06 Vukašin Brajić «Thunder and Lightning» Engelsk 51 17 07 Tom Dice «Me and My Guitar» Engelsk 143 6 08 Milan Stanković «Ovo je Balkan» Serbisk 73 13 09 3+2 og Robert Wells «Butterflies» Engelsk 18 24 10 Niamh Kavanagh «It's for You» Engelsk 25 23 11 Jórgos Alkaíos og vennar «ÓPA!» Gresk 140 8 12 Josh Dubovie «That Sounds Good to Me» Engelsk 10 25 13 Sofia Nizharadze «Shine» Engelsk 136 9 14 maNga «We Could Be the Same» Engelsk 170 2 15 Juliana Pasha «It's All About You» Engelsk 62 16 16 Hera Björk «Je ne sais quoi» Engelsk og fransk 41 19 17 Aljosja «Sweet People» Engelsk 108 10 18 Jessy Matador «Allez Ola Olé» Fransk 82 12 19 Paula Seling og Ovi «Playing with Fire» Engelsk 162 3 20 Peter Nalitsj og vennar «Lost and Forgotten» Engelsk 90 11 21 Eva Rivas «Apricot Stone» Engelsk 141 7 22 Lena «Satellite» Engelsk 246 1 23 Filipa Azevedo «Há dias assim» Portugisisk 43 18 24 Harel Skaat «Milim» Hebraisk 71 14 25 Chanée og N'evergreen «In a Moment Like This» Engelsk 149 4 02 Daniel Diges «Algo pequeñito» Spansk 68 15

Røystegjeving Semifinale 1 I den første semifinalen brukte eitt land berre juryrøystar, sidan det ikkje kom inn nok telefonrøyster etter det EBU krev. Det er ikkje kjend kva for eit land dette dreiar seg om. EBU offentleggjorde dei samla jury- og sjåarrøystene i juni 2010. Det detaljerte resultatet for kvart enkelt land vart ikkje offentleggjort. Semifinale 1PlassSjåaranePoengJuryanePoeng11511652149107314699492965928666985768668636595864105462114258124047133842143441153037162225171215