Sankt Jetmund kyrkje, Jetmundskyrkja, eller Åheim kyrkje, er ei langkyrkje frå 1155 på Åheim i Vanylven kommune i Møre og Romsdal fylke.

Byggverket er i marmor og stein. Kyrkja vart riven i 1863, men gjenreist og vigsla på ny i 1957. Steinen var spreidd rundt i bygda og hadde vorte nytta i ymse bygg. Han måtte samlast inn att før dei bygde oppatt kyrkja på dei gamle murane som det stod att i ein meters høgd. Dei hadde skisser av kyrkja frå før ho vart riven å gå etter. Arkitektar ved attoppbygginga var Johan Lindstrøm og Cato Engen.

Sankt Jetmund er det norske namnet på den engelske helgenen St. Edmund.

Bakgrunnsstoff Artikkel om Sankt Jetmund kyrkje på Vanylven kommune si nettside, vitja 18. mai 2009 Øystein Ekroll: Med kleber og kalk : norsk steinbygging i mellomalderen. Samlaget, Oslo, 1997. ISBN 82-521-4754-2 «Åheim kyrkje» s. 271

Kategori:Kyrkjer i Vanylven Kategori:Kyrkjer i Søre Sunnmøre prosti Kategori:Langkyrkjer i Møre bispedømme Kategori:Norske kyrkjer frå 1100-talet Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Kulturminne i Vanylven Kategori:Freda bygg i Møre og Romsdal