mini|Namnetrekket til Eli Lilly. Eli og Elie er personnamn som kan brukast av begge kjønn. I dansk-norsk tradisjon er det eit kvinnenamn avleidd frå det greske Helene, som betyr 'lys' eller 'lysberer'. I hebraisk og avleidde tradisjonar er Eli (hebr. עֵלִי) eit mannsnamn som betyr 'oppstiging', kjend frå øvstepresten Eli i Bibelen. Eit liknande hebraisk namn (hebr. אלי) kan også tyda 'min Gud' eller vera ei kortform av namn som Elia, Elisja, Elieser og liknande.
Eli har namnedag den 21. mai i Noreg.
Bruk mini|Fagforeiningskvinna Eli Ljunggren. Eli og varianten Elie var mykje brukte på jentebarn i Noreg på 1700-talet. Eli var også utbreidd på 1940- og 1950-talet.
I England har Eli vore kjend som mannsnamn sidan reformasjonen.
Namneberarar Kvinner
Eli Fischer-Jørgensen (f. 1911), dansk professor og motstandskvinne Eli Skolmen Ryg (f. 1936), norsk fjernsynsprodusent Eli Kristiansen (f. 1933), norsk politikar Eli Sollied Øveraas (f. 1949), norsk politikar Eli Rygg (f. 1955), norsk underhaldar Eli Arnstad (f. 1962), norsk politikar og næringslivstopp Eli Kari Gjengedal (f. 1971), norsk forfattar Eli Bjørhusdal (f. 1972), norsk målkvinne Eli Sol Vallersnes (f. 1973), norsk forfattar og fysioterapeut
mini|upright|Filmskaparen Eli Roth. Menn Øvstepresten Eli, levde om lag 1000-talet f.Kr. Eli Whitney (1765–1825), USA-amerikansk oppfinnar Élie Ducommun (1833–1906), sveitsisk journalist, aktivist og vinnar av Nobels fredspris Eli Lilly (1838–1898), USA-amerikansk kjemikar og entreprenør Eli Filip Heckscher (1879–1952), svensk økonom Elie Wiesel (f. 1928), rumensk-amerikansk jødisk forfattar, aktivist og vinnar av Nobels fredspris Eli Roth (f. 1972), USA-amerikansk filmskapar og skodespelar
Annan bruk Eli Sjursdotter er tittelen på gjennombrotsromanen til Johan Falkberget.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Eli (given name)» frå , den 20. mai 2009.
Delar av denne artikkelen bygger på «Eli» frå , den 20. mai 2009. behindthename.com
Kategori:Kvinnenamn Kategori:Mannsnamn Kategori:Kortnamn Kategori:Førenamn av gresk opphav Kategori:Førenamn av hebraisk opphav Kategori:Namn knytte til jødedommen Kategori:Namn knytte til kristendommen Kategori:Tvikjønna namn