Ulstein kyrkje er ei åttekantkyrkje frå 1849 i Ulstein kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja ligg i sentrum av Ulsteinvik.
Det eldre kyrkjebygget fekk i 1847 store skader og allereie året etter var opp mot 28 mann var i gang med tømring av ny kyrkje som stod ferdig seinhaustes 1848 og vigsla 13. mai 1849. Materialkjøp kom totalt på om lag 1000 spesidaler, arbeidslønnene utgjorde om lag like mykje. Pannestein til tak vart henta frå gamlekyrkja. Sommaren 1878 vart bygget demontert og flytta til ny tomt i Ulsteinvik. Ved flyttinga vart det og lagt til eit kor slik at bygget vart større.Waage, Peder Fritz (1978): Ulstein kyrkje gjennom tidene. Festskrift i høve 100-års jubileum for flytting av kyrkja. Arkitekt for kyrkja var soknepresten i Ulstein, Hans Nicolai Wraamann (sokneprest 1844-1855). Kyrkja vart først sett opp ute på Ulstein, den gamle kyrkjestaden på garden Ulstein om lag 2 km frå den nye kyrkjestaden, og stod der i 29 år før ho vart teken ned og sett opp igjen i Ulsteinvik og vigsla på nytt 27. oktober 1878.Om Ulstein kyrkje på nettstaden til Ulstein kommune
Byggverket er i tømmer og har 400 sitjeplasser.
Ulstein kyrkje er soknekyrkje i Ulstein sokn, Ulstein prestegjeld, Søre Sunnmøre prosti i Møre bispedømme. Det er den einaste kyrkja i Den norske kyrkja i Ulstein kommune.
Fram til 1906 var prestebustaden (prestegarden) i Dimnasundet.
Tidlegare kyrkje thumb|left|Den tidlegare kyrkjestaden nord for Ulsteinvik Det førre kyrkjebygget var frå mellomalderen, kanskje oppført så tidleg som på 1100-talet. Den var av stein og den var kvitkalka innvendig og utvendig. Veggane var holmur av vanleg gråstein, medan hjørne, dørkarmar og glasopningar var av marmor. Skipet var 21 alen langt og 16 alen bredt, koret var 11 x 11 alen. Opphavleg var inngangen frå vest, seinare vart denne flytta på nordsida og eit våpenhus i treverk vart sett opp. Lynet slo ned i kyrkja 30. oktober 1847 og bygget fekk store skadar. Wraaman, som var både sokneprest og ordførar, meinte at skadane var så store at full reparasjon var lite meining i. Dessutan var den gamle kyrkja for lita då folketalet auka og den var i generelt dårleg stand før lynnedslaget. Hans Strøm vitja kyrkja omkring 1755 og skildra den som «liden og ældgammel.» Den nye kyrkja vart ikkje sett opp på den gamle kyrkjetomta, men på ei ny tomt like ved. Den gamle kyrkja vart riven heilt ned til grunnen og steinen vart nytta til ny kyrkjegardsmur.Waage, Peder Fritz (1978): Ulstein kyrkje gjennom tidene. Festskrift i høve 100-års jubileum for flytting av kyrkja.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Nettstaden til Ulstein sokn
Kategori:Kyrkjer i Ulstein Kategori:Kyrkjer i Søre Sunnmøre prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1849 Kategori:Åttekanta kyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Ulstein