Angst er ei kjensle knytt til sterk redsle og panikk. Omgrepet er blitt brukt innan filosofi, særleg av Søren Kierkegaard, og innan medisin, der uforklarleg eller overdriven angst blir rekna som ei psykisk liding. Angst har også vore skildra i kunsten, mellom anna av Edvard Munch.
Angst kan sjåast på som ein forsvarsmekanisme som førebur kroppen på å flykta frå eller slost mot noko ein ser på som i eit trugsmål. Kroppslege symptom på angst kan vera hjartebank, brystsmerte, pustevanskar, sveitte, kvalme, rødme eller at ein blir svimmel.
Angstlidingar Det finst fleire ulike former for angstlidingar: PTSD Sosial angst Panikkangst Fobiar Mareritt Generalisert angst Tvangsliding
Kognitiv åtferdsterapi har vore brukt og generelt dokumentert gode behandlingsresultat på angstlidingar. Kognitiv adferdterapi går ut på å merka og endra tankar som opprettheld og aukar angst på ein uadaptiv måte, og å gradvis og systematisk møta problemsituasjonar som kan gje angst. Slik behandling betrar ofte angst i løpet av ein behandlingsperiode på 4-12 veker. Også andre psykoterapeutiske retningar, til dømes psykodynamiske tilnærminger, affektbevissthet, åtferdsterapi og narrativ terapi er brukt for å behandla ulike typar angstproblem.
Angst blir også ofte behandla med ulike medikament, som benzodiazepinar eller antidepressiva som mipramin, opipramol, paroksetin, sertralin, escitalopram og venlafaxin. Desse reduserer symptom, men har ofte uønskte biverknader.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Angst» frå , den 23. mai 2009.
Bakgrunnsstoff Helsebiblioteket sine sider om angstlidelser (norsk) Statens helsetilsyn - Kliniske retningslinjer for utreiing og behandling av angst . Boston University Center for Anxiety and Related Disorders Angst (dansk) eMedicine article on anxiety (engelsk) Nutritional Protocols & Natural Supplements for Anxiety (engelsk) Blood test for anxiety (engelsk) Anxiety - Angst-informasjon og støtte (engelsk) Clinical Evidence - oppdatert informasjon om GAD fra et av verdens aller største tidsskrift Gjennomgang av forsking på homeopati ved angst
Kategori:Kjensler Kategori:Psykiske lidingar og åtferdsforstyrringar Kategori:Angst