Solrikse, Eurypyga helias, er ein fugl med habitat i tropiske regionar i Amerika, og den einaste medlemmen av den biologiske familien Eurypygidae.

Skildring mini| venstre | Skremmeeffekten på venger åt solriksa mimar ein stor predator Solriksa finn ein normalt nær elvar og bekker i skogsvegetasjon i lågland opp til 900 moh. Ho jaktar fisk og andre små virveldyr på liknande måte som hegrar gjer. Fuglen har generelt avdempa farger med fine lineære mønstre i svart, grått og brunt. Men flygefjøra har sterkare farga mønstre, når vengene er spreidd ut syner dei lyse augeflekkar i raudt, gult og svart. Denne drakta viser dei for å imponere andre solrikser eller dei mimar ein stor predator for å verne seg sjølv og avkommet mot potensielle trugsmål.

I likskap med få andre artar har solrikser dun.

Dei byggjer opne reir i tre, og legg to egg med skjolda markingar. Ungane er godt utvikla ved klekking, men held seg i reiret i fleire veker.

mini | venstre |Song Taksonomi Solriksa var tidlegare vanlegvis plassert i den biologiske orden Gruiformes, tranefuglar, men dette var vurdert som førebels. I enkelte aspekt av morfologien ligg solriksa nær hegrar, men dette synast å vere resultat av konvergerande evolusjon på grunn av likskap i levemåte.

Ein annan gåtefull fugleart er kagu. Kagu er òg monotypisk i sin familie, og var mellombels plassert i Gruiformes. Nyleg er det samla prov for at kagu og solrikse faktisk er systerartar, utan noko til felles med tranefuglar eller andre fugleordenar. Dei to artane er no einaste artar i orden Eurypygiformes .

Kjelder

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Solrikser og kaguar Kategori:Fuglar i Mellom-Amerika Kategori:Fuglar i regnskogen i Amazonas Kategori:Fuglar i Brasil Kategori:Fuglar i Bolivia Kategori:Fuglar i Colombia Kategori:Fuglar i Ecuador Kategori:Fuglar i guyanaregionen Kategori:Fuglar i Peru Kategori:Fuglar i Venezuela