Berte Kanutte Aarflot () var ein norsk salmediktar frå Ørsta på Sunnmøre.

Berte Kanutte (eller Canutte) var fødd på farsgarden Årflot. Ho flytta med familien til Ekset i Volda då ho var fire år gammal, etter faren Sivert Aarflot vart lensmann og busette seg der. Berte Kanutte flytta attende til farsgarden då ho gifta seg i 1816 og budde der sidan, i arbeid som gardbrukarkone.

Tidleg i 1820-åra kom Aarflot med i den haugianske rørsla og heimen hennar vart då ein samlingsstad for haugianarane i bygda.http://www.hivolda.no/index.php?lang=nyn&displayitem=929&module=news lese på nett 10.februar 2013. Ho hadde då i 1820 fått trykt nokre salmar i samlinga En gudelskende Siels oppbyggelige Sange, prenta på broren Rasmus S. Aarflot sitt trykkeri på Ekset. Den neste tekstsamlinga, Troens frugt indeholdende nogle aandelige Sange i tvende Dele kom ni år etter den første, (1829). I hennar seinare år kom dei to samlingane Sjælens morgen og aftenoffer (1846), og Sjælens aandelige høitidsglede. Den siste samlinga vart trykt og utgitt i Bergen i 1853. Samlingane kom i fleire opplag, og Aarflot vart lesen over heile Noreg og var ein av dei mest kjende salmediktarane i si samtid.

Eit av bygga til Høgskulen i Volda har namnet «Berte Kanutte-huset» etter henne, andre bygg ved høgskulen har namn etter Hans Strøm og Ivar Aasen. I 1978 vart det sett opp eit minnesmerke over Aarflot ved bedehuset i Ørsta.

Verk En gudelskende Siels opbyggelige Sange, 1820 Troens Frugt. En Samling af aandelige Sange; i tvende Dele, 1830 Troens Frugt. En Samling af religiøse Opmuntrings og Opbyggelses-Breve, 1844 Sjælens Morgen- og Aftenoffer. Bønner, Sukke og Sange paa hver Dag i Ugen tilligemed Sange paa de fire Aarets Tider, 1846 Sjælens aandelige Høitidsglæde, indeholdende Bønner og Sange paa de i Aaret indfaldende Høitidsdage, 1853 Leilighedssange, 1853 Religiøse Breve til Opmuntring og Opbyggelse samt Bestyrkelse i Tro, Haab og Kjærlighed, 1853 Smuler til Næring for Livet i Gud. En Samling af Skrifter, 1856–62 Berte Kanutte Siversdatter Aarflots Selvbiografi, indeholdende Optegnelser om hendes aandelige Livsudvikling, tilligemed Sognepræst Wraamanns Tale ved hendes Grav samt nogle Mindesange, 1860 Før ikke udgivne Breve og Sange, utg. ved B. Støylen og H. G. Heggtveit, som del 3 i Berte Kanutte Aarflot. To Livsskildringer, 1893

Kjelder Bernt Støylen: Birte Kanutte Aarflot og hennar samtid. Artikkel om Berte Aarflot i NBL, skriven av Jostein Fet.

Kategori:Norske salmediktarar Kategori:Folk frå Ørsta Kategori:Kvinnelege forfattarar frå 1800-talet Kategori:Sivert Aarflot