Det varierer ein god del mellom ulike skriftsystem korleis vokalar blir attgjevne i ulike skriftsystem. Semittiske alfabet mini|left|Fønikisk innskrift mini|Hebraisk med nikkud-teikn i form av prikkar, davesj og sjva. Ordet er yikhtevu, 'dei skriv'. På både hebraisk og arabisk var det lenge vanleg å utelata vokalane, ettersom ein alltid kunne vita korleis orda skulle uttalast likevel. Etter som det munnlege språket utvikla seg vart det vanskelegare å vita kva som var den rette vokalen, og ein byrja derfor å markera vokalen med ulike teikn over eller under konsonanten.
mini|left|Guds namn på klassisk arabisk, Allāhu, skrive i det arabiske alfabetet med vokalteikn
mini|Trespråkleg skilt i Kabylia, Algerie. Øvst arabisk, skrive med det arabiske alfabetet, i midten kabylsk (på kabylisk: taqbaylit), skrive med tifinagh, nedst fransk, skrive med det latinske alfabet.
Europeiske alfabet Det latinske alfabetet Dei mest typiske vokalane i det latinske alfabetet er A, E, I, O og U. Y er ein vokal i mange språk, til dømes norsk, men vert brukt som ein j-lyd i andre. W vert òg brukt for ein runda vokallyd i mange språk. Æ/Ä, Ø/Ö og Å vert særleg brukte i skandinaviske språk for å uttrykkja særlege lydar der, medan andre språk bruker andre vokalar eller vokalkombinasjonar for å uttrykkja desse lydane. Norsk Å-lyd vert til dømes skrive med O i dei fleste romanske språka og med AU eller EAU på fransk.
Indisk skrift I dei ulike indiske alfabeta er vokalane òg sett på sidelinja i høve til konsonantane. Dei kan skrivast over eller under konsonanten, eller smelta saman med han til ein kombinasjonsbokstav.
mini|Folkerepublikken Kina på mongolsk i mongolsk skrift mini|Ordet manju på mandsjuisk i mandsjuisk skrift
Kategori:Lingvistikk