Dolm kyrkje står ved Dolmsundet på Dolmøya i Hitra kommune i Trøndelag fylke, og er ei mura langkyrkje frå seinmellomalderen.
Kyrkja har brunne ned fleire gonger, og også vorte skada i uvêr, noko som har ført til at ho har måtta byggjast oppatt fleire gonger. Siste gongen ho brann ned var i 1920. Etter det gjekk ho or bruk som soknekyrkje. Til erstattning vart det bygd ny steinkyrkje, kalla Hitra kyrkje, på Melandsjø på hi sida av Dolmsundet.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Sør-Trøndelag» på nettstaden til Arkivverket
Kategori:Kyrkjer i Hitra Kategori:Freda bygg i Trøndelag Kategori:Kyrkjer i Orkdal prosti Kategori:Langkyrkjer i Nidaros bispedømme Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Kulturminne i Hitra Kategori:Valkyrkjer i 1814