mini|Reklameplakat for mellom andre buktalaren Leah Bell. mini|Kunstnaren Lea Grundig. Lea og Leah er namn som kan brukast som kvinnenamn, stadnamn og slektsnamn. Førenamnet Lea har namnedag i Sverige den 26. juni og i Noreg den 28. juni.
Tyding Som personnamn kan namnet koma frå det hebraiske namnet Leah (לֵאָה). Tydinga av dette namnet er ukjend, men det kan tyda 'villku', 'svekka' (frå לְאָה, le'ah) eller koma frå eit kaldeisk namn som tyder 'herskarinne'.Ivar Utne, FORKLARINGER PÅ FORNAVN, SOM SVAR PÅ SPØRSMÅL 20.9.2004 og seinare; behindthename.com, begge vitja 28. juni 2009 Lea er mellom anna nemnd i Bibelen som den første kona til patriarken Jakob, stammora til seks israelsstammar. Lea kan også stamma frå italiensk som ei kvinneleg form av namnet Leo, 'løve', eller avleidd av gresk Leaina, 'holøve'. Dette namnet kan også ha forma Lia.
Det engelske stad- og etternamnet Lea er i slekt med Lee. Ordet har gjerne gammalengelsk opphav og kan visa til ein stad i skogen eller ei glenne. Elva Lea har derimot keltisk opphav og usikker tyding, kanskje 'lett elv'.A.D. Mills, Dictionary of English Place Names, Oxford University Press 1998.
Bruk Namnet har lenge vore brukt i jødisk tradisjon, men blei først vanleg blant kristne etter reformasjonen.behindthename.com, vitja 28. juni 2009
Lea er eit vanleg norsk etternamn. Ved byrjinga av 2008 var det 730 vaksne i Noreg som hadde dette etternamnet, i følgje SSB.
Namneberarar Heilage Lea, romersk enkje og nonne som levde på 200- eller 300-talet, vernehelgen for enkjer med festdag 22. mars. Lea Ahlborn, fødd Lundgren (1826-1897), svensk kunstnar Lea Grundig, fødd Langer (1906-1977), tysk jødisk kunstnar Lea Padovani (1920–1991), italiensk skodespelar Lea Massari (f. 1933), italiensk skodespelar Lea Thompson (f. 1961), USA-amerikansk skodespelar Leah Remini (f. 1970), amerikansk skodespelar Leah Isadora Behn (f. 2005), dotter av prinsesse Märtha Louise og Ari Behn
Berre Lea: Lea blei brukt som løyndenamn av den svenske forfattaren Josefina Wettergrund på 1800-talet Stadnamn Lea i Derbyshire Lea i Lancahire Lea i Lincolnshire Lea i Wiltshire Lea i Sandnes Elva Lea (Lee) sør i England
Fotnotar
Kategori:Slektsnamn Kategori:Kvinnenamn Kategori:Hebraiske førenamn Kategori:Italienske førenamn Kategori:Førenamn av gresk opphav Kategori:Namn knytte til Bibelen