Halvor Olaus Christensen () var ein norsk embetsmann og politikar. Han var byfogd, byskrivar og politimeister i Stavanger i ei årrekkje, og representerte byen på Stortinget.
Christensen var på alle storting mellom 1833 og 1873, bortsett frå sesjonane i 1851, 1857 og 1869. Han var lagtingspresident i 1845, 1854 og 1862-69 og stortingspresident i 1848. Han var medlem i fleire av stortingets viktigaste komitear, og var ofte komiteleiar i desse. Han arbeidde mykje med ulike politiske reformer, som til dømes innføring av årvisst storting og oppheving av statthaldarposten. I spørsmåla kring unionen gjekk han inn for full jamstilling mellom Noreg og Sverige.
Christensen var son av Eidsvollsmannen Christian Christensen Kollerud.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Norske futar Kategori:Norske politimeistrar Kategori:Stortingspresidentar Kategori:Stortingsrepresentantar 1833-1835 Kategori:Stortingsrepresentantar 1836-1838 Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar for Stavanger og Haugesund Kategori:Stortingsrepresentantar for Stavanger Kategori:Folk frå Stavanger