Hidalgo () er ein av Mexicos 31 delstatar som ligg i det sentrale Mexico. Delstaten grensar til San Luis Potosí i nord, Veracruz og Puebla i aust, Tlaxcala og Delstaten México i sør, og Querétaro i nord-vest. Hidalgo har eit areal på 20 821 km².
Hovudstaden og største byen er Pachuca.
Hidalgo blei ein meksikansk delstat den 15. januar 1869. Delstaten vart oppkalla etter Miguel Hidalgo (1753–1811) som var prest og frigjeringshelt.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Delstatar i Mexico *