Henrik Jørgen Huitfeldt-Kaas (), òg kjend som H.J. Huitfeldt-Kaas, var ein norsk historikar og riksarkivar.

Huitfeldt-Kaas høyrde til den danske og norske adelsslekta Huitfeldt. Han var son av fideikommisseigar Valentin Wilhelm Hartvig Huitfeldt. Tilleggsnamnet Kaas tok han, etter adeleg skikk, etter at han i 1881 arva Kaasenlundske Fideikommisset.

Huitfeldt-Kaas vart i 1858 tilsett i Riksarkivet, og han var fleire gonger konstituert som riksarkivar før han i 1896 vart utnemnd til embetet.

Huitfeldt-Kaas var sentral i arbeidet med å gje ut viktige kjelder til norsk historie, blant desse ei rekke band av Diplomatarium Norvegicum. Huitfeldt-Kaas dreiv òg på med genealogi (særleg adelsforsking), personalhistorie, heraldikk og segl. Han byrja på verket Norske Sigiller fra Middelalderen (Oslo, 1899–1950), som vart gjeve ut heftevis.

Bakgrunnsstoff Norske Sigiller fra Middelalderen

Kategori:Norske riksarkivarar Kategori:Norske historikarar Kategori:Norsk heraldikk Kategori:Folk frå Oslo