Surfin' USA er det andre albumet til The Beach Boys og kom ut tidleg i 1963. Albumet vart gjeven ut på Capitol Records og vvar det andre der Nick Venet var tilskriven som produsent.
Surfin' USA nådde andreplass på lista i USA og låg 78 veker på lista. Han nådde 17. plass i Storbritannia seint i 1965. Surfin' USA finst i dag på CD i lag med Surfin' Safari, samt bonusspor frå denne perioden.
Soge Surfin' USA er kjend for tittelsporet som vart gjennombrotet deira, for låtskrivinga til Brian Wilson og vokalarrangementet. Den meir fyldige vokalen fekk dei ved å ta dobbelsporopptak av vokalen og fekk slik den unike stilen til The Beach Boys. Som med Surfin' Safari er det spekulert i at sjølv om Nick Venet offisielt står oppført som produsent, var det i røynda Brian Wilson som gjorde denne jobben.
Ein spesiell ting ved albumet er at fem av tolv songar er surfeinstrumentalar. «Stoked» var den første av mange instrumentalar som Brian Wilson skulle komponere for The Beach Boys dei komande åra. I tillegg inneheld plata instrumentalen «Surf Jam» som var den første songen den 16 år gamle Carl Wilson skreiv.
Tittelsporet på albumet er den mest kjende songen her frå. Andre songar på albumet var «Farmer's Daughter», den første av mange songar der Brian Wilson syng solovokal i falsett.
Tittelsporet «Surfin' USA» vart den første store hitten til The Beach Boys i USA og førte albumet til gullplate og ei Topp 10-plassering. Då albumet kom ut på nytt i 1965 i Storbritannia, nådde det 17. plass her. Sjølv om songen er tilskriven Brian Wilson er han ein direkte kopi av Chuck Berry sin «Sweet Little Sixteen». Trugel om søksmål gjorde at Berry vart tilskriven heile songen.
Songen står på lista til The Rock and Roll Hall of Fame si liste over dei 500 songane som forma rock and roll.
Innhald
Medverkande Brian Wilson - vokal, bass, klaverinstrument, celeste, klokkespel, Mike Love - vokal, saksofon Dennis Wilson - vokal, trommer Carl Wilson - vokal, sologitar David Marks - rytmegitar
Teknisk Nick Venet - produsent
Salslister Album ÅrListePlassering 1963 US Billboard 200 Albums Chart2 1965 UK Top 40 Album Chart17
Singlar ÅrSingelListePlassering 1963 «Surfin' U.S.A.» US Billboard Hot 100 Singles Chart3 1963 «Shut Down» US Billboard Hot 100 Singles Chart23
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «en:» frå , den 25. august 2009. oppgav desse kjeldene: Surfin' Safari/Surfin' USA CD-heftet, David Leaf, c.1990. «The Nearest Faraway Place: Brian Wilson, The Beach Boys and the Southern California Experience», Timothy White, c. 1994. «Wouldn't It Be Nice - My Own Story», Brian Wilson og Todd Gold, c. 1991. «Top Pop Singles 1955-2001», Joel Whitburn, c. 2002. «Top Pop albums 1955-2001», Joel Whitburn, c. 2002. http://www.Allmusic.com «The Lost Beach Boy», Jon Stebbins og David Marks, 2008
Bakgrunnsstoff Greg Panfile sin musikalske analyse av «Lonely Sea» Tekstane til Surfin' USA
Kategori:The Beach Boys-album Kategori:Musikkalbum frå 1962 Kategori:Surfealbum Kategori:Musikkalbum produserte av Nick Venet Kategori:Capitol Records-album Kategori:Album spelte inn i Capitol Studios