Nærbø er ein tettstad i Hå kommune på Jæren, og eit namn som vert nytta som etternamn. Jarnbanen Jærbanen har stasjon på Nærbø. Politikken i Hå kommune er særkjenna av ulike bygdelister, for å ta vare på bygdene sine interesser etter kommunesamanslåinga i 1964. Frå 2003 fekk Nærbølista ordførarvervet i Hå kommune.

Jærmuseet ligg ved Nærbø, og legg vekt på historia til jordbruket på Jæren. På Nærbø er det mykje verksemd og industri knytt til jordbruket.

Nærbø kommune 1894-1964 Nærbø er namn på ein tidlegare norsk kommune i Rogaland fylke. Frå 1837 var Nærbø del av Hå formannskapsdistrikt. Hå vart i 1894 delt i Nærbø og Varhaug kommunar. Nærbø hadde då kommunen vart etablert som sjølvstendig kommune 1 806 innbyggjarar. 1. januar 1964 vart Nærbø kommune slegen saman med Ogna og Varhaug kommunar til den nye Hå kommune. Nærbø hadde ved samanslåinga 3 926 innbyggjarar.

Kategori:Tettstader i Rogaland Kategori:Tidlegare kommunar i Rogaland Kategori:Geografi i Hå Kategori:Historie i Hå Kategori:Norske kommunar skipa i 1894 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1964