Crast' Agüzza er eit 3 854 m høgt fjell i Berninafjella på grensa mellom Italia og Sveits.

Nord for fjellet ligg Morteratschbreen og i sør Øvre Scerscen-breen. Straks nord for fjelltoppen ligg breskaret Fuorcla Crast' Agüzza (3601 moh).

Dei fyrste som nådde opp i skaret kom opp frå nord. Det var to britar, E.S. Kennedy og J. F. Hardy og tre lokale fjellførarar; Peter Jenny, F. Jenny og A. Flury, den 23. juli 1861. Dei fyrste som traverserte langs heile skaret var Francis Fox Tuckett, E.N. Buxton, Peter Jenny, Christian Michel og Franz Biner, den 28. juli 1864.

17. juli 1865 nådde J.J. Weilenmann, J.A. Specht, Franz Pöll og Jakob Pfitschner heilt til topps på Crast' Agüzza. Turen gjekk langs vestegga.

Vanleg oppstigingsrute går over den berglendte austegga frå Fuorcla da l'Argient. Emil Burckhardt, Hans Grass og Peter Egger kom, som dei aller fyrste, opp denne i august 1874.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Crast' Agüzza» frå , den 2. november 2009.

Bakgrunnsstoff The Bernina Group på SummitPost

Kategori:Berninafjella Kategori:Engadin Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Italia Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Graubünden Kategori:Fjell i Lombardia Kategori:Internasjonale fjell i Europa